Det seier Helsedirektoratet. For første gong blir det no laga ei nasjonal retningslinje for skulehelsetenesta.

Tilbodet som møter unge med helseproblem på skulen er for dårleg mange stader, meiner fleire ungdomspolitikarar.

– Eg meiner det er likegyldig om norske elevar er verdas beste i matte, om dei ikkje orkar å stå opp om morgonen, seier leiar i KrFU, Emil André Erstad.

Dei siste åra har problema til unge fått ny drakt og auka fokus. Kroppspress, prestasjonsangst og ein overfylt kvardag med krav om å vera best i alt gjer at mange bukkar under for presset. Dette kjem på toppen av dei klassiske problema som pubertet og seksualitet.

No skal dette endrast på, seier Helsedirektoratet.

– For første gong blir det no laga ei nasjonal fagleg retningslinje for helsestasjon og skulehelseteneste. Alle kommunar har plikt til å ha eit fagleg forsvarleg tilbod om helsestasjons- og skulehelseteneste. Helsedirektoratet har no tilrådd ei styrking av desse tenestene ved å gjera grava til innhald meir tydelege i lov, forskrift og retningslinje, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, Rolf Windspoll.

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsa

Fleire ressurspersonar
Ønsket frå ungdommen går ikkje berre på fagleg styrking, men også ei anstendig auke i personell.

– Det me ser i dag er at det er for få ressurspersonar i skulen. Ein ting er lærarar fordelt på elevar, men det handlar òg om å få andre yrkesgrupper inn i skulen til å ta vare på eleven. Fleire helsesøstrer, skulepsykologar som eit lågterskeltilbod, slik at alle skal ha det bra, seier Kristoffer Hansen, påtroppande leiar i Elevorganisasjonen.

I dag er det lite som kan seiast om korleis den styrka skulehelsetenesta vil sjå ut – men Helsedirektoratet kan fortelja at det blir sett av meir pengar.

– Eit anna tiltak er ei tilskottsordning der kommunane kan søka om midlar til å styrka skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring. Regjeringa har også sett av 385 millionar kroner i kommunane sine frie inntekter for 2015 som er tenkt til å styrka arbeidet med helsestasjons- og skulehelsetenesta.

LES OGSÅ: – Eg kan ikkje få til absolutt alt

Ser alvoret i psykisk helse
Spesielt ei satsing på skulepsykologar er etterlyst – mykje av problema unge møter er psykiske framfor fysiske. Rolf Windspoll kan fortelja at Helsedirektoratet er bevisst på dette i dei nye retningslinjene som blir laga.

– Psykisk helse blir sentralt i den nye retningslinja. Stress og kroppspress er døme på dette. Skulen og skulehelsetenesta må samarbeida og ha oversikt over utfordringsbiletet i lokalmiljøet, seier Windspoll, og trekk fram kroppspress som eit døme. Er det mykje kroppspress i eit miljø, vil ein prøva å nå ut til heile elevgruppa, samstundes som ein vil styrka sjølvkjensla til kvar enkelt.

– Me møter alle utfordringar i livet, og målet er at barn og unge skal ha verktøy til å takla det på best mogleg vis, avsluttar Windspoll.

LES OGSÅ: Hoppar over frukosten for sminken

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE