Språkdirektøren seier det er ok å få éi språkfelles nettside for regjeringa, men reagerer på at regjeringen.no byrjar med 100 prosent bokmål.

mm

Fleire har reagert på at den nye nettsida til regjeringa kuttar ut nynorskversjonen regjeringa.no og bruker bokmålsmeny for brukarar som vel språket «Norsk».

Mållaget kallar det språkleg arroganse, medan ordføraren i Eid, Alfred Bjørlo sendte ut pressemelding måndag, der han mellom anna seier:

– Det betyr at 500.000 nynorskbrukarar ikkje lenger kan velja å få informasjon frå regjeringa og departementa på nynorsk – medan samisk og engelsk enno ligg inne som val – og bokmål på toppen av alt no blir kalla «norsk», sjølv om me har to sidestilte målformer i landet.

LES OGSÅ: Krev nynorsk på fleire flyplassar

Har gitt råd
Språkrådet har gitt råd til Departementas sikkerheits- og serviceorganisasjon som driftar regjeringen.no.

– Det me har gitt råd om er at det er greitt å ha éi felles nettside, men at dei må veksla mellom målformene. Det å ha éi felles nettside vil bidra til at begge målformene blir synleg for alle. Dessutan gjer det det enklare å vedlikehalda enn to parallelle nettsider, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen til Framtida.no.

Regjeringen.no må levera minst 25 prosent av innhaldet sitt på kvar av målformene.

– Namnet på nettsida er regjeringen.no, eit namn som berre kan brukast på bokmål, medan regjeringa.no kan brukast på både bokmål og nynorsk. Har de kome med noko råd om namnet på nettsida?

– Me har ikkje vore involvert i namnet på nettsida. Me har ikkje blitt spurt om det, seier Vonen.

– Er det greitt å kutta ut eigen nynorsk meny på nettsida?

– Ja, viss du meiner høvet til å trekkja ned ein språkmeny og velja «nynorsk» der, så er det rett at det er innanfor regelverket å kutta han. Då kuttar ein samstundes òg «bokmålsmeny». Men menyane elles på nettsida, altså dei faste tekstane på nettstaden, må ein òg venta skal veksla i tråd med krava i regelverket, svarer språkdirektøren.

LES OGSÅ: Bryt mållova: – Skriv for mykje nynorsk

– Gjer det ikkje enkelt for seg
– Kva inntrykk har du av den nye nettsida?

– Eg har har vore innom fleire gonger og sjekka på den nye regjeringen.no, og det ser ikkje så bra ut. Eg fann ikkje noko nynorsk der. Dei gjer det vanskeleg for seg sjølv når dei byrjar med berre bokmål, seier språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

ANNONSE