Krev nynorsk på flyplassar
Språkrådet krev nynorsk på enkelte flyplassar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Språkrådet meiner flyplassar i regionar der det er flest nynorskkommunar bør bruke nynorsk.
Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen skriv i eit brev til Noregs Mållag at han ønskjer seg meir nynorsk på norske flyplassar, skriv Bergens Tidende.
Flesland, Haugesund, Vigra ved Ålesund og Leirin flyplass ved Fagernes bør vere reine nynorskflyplassar. Sola ved Stavanger kan bruke begge målformene, meiner språkdirektøren.
Noregs Mållag har vendt seg til Språkrådet for ei vurdering av korleis målbruken blir praktisert på dei norske flyplassane der nynorsken står sterkt. Svaret er klart: Avinor bryt sine eigne vedtekter når dei ikkje bruker nynorsk til dømes på Flesland og Karmøy.
LES OGSÅ: Politisk grønvasking
Det heiter nemleg i den statlege flyplasseigarens vedtekter for språkbruk at prinsippa i lov om målbruk i offentleg teneste skal følgjast i kunderetta informasjon. Her meiner språkdirektør Vonen at Avinor ikkje er i tråd med sine eigne vedtekter, som han formulerer det i brevet.
Dersom det klare rådet frå Språkrådet får gehør, vil altså det offisielle namnet på Flesland bli «Bergen lufthamn Flesland». På same måte vil det heite «Haugesund lufthamn Karmøy» og «Ålesund lufthamn Vigra».
Sola slepp hamskiftet. Fordi flyplassen betener den sørlege delen av Rogaland, der dei fleste kommunane er språknøytrale, bør dei bruke både nynorsk og bokmål, meiner Språkrådet.
LES OGSÅ: Tungt lesestoff