Bryt mållova: Skriv for mykje nynorsk

Eitt departement skriv for mykje nynorsk. Fleirtalet skriv for lite.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skriv for mykje nynorsk

Ferske tal på kva målform departementa bruker, viser store forskjellar mellom departementa. Av 17 departement, er det berre fem som klarte kravet om 25 prosent nynorsk i alle typar dokument i 2013.

– I det store og det heile er det ikkje nok bruk av nynorsk i departementa. Det er mindre enn det lovbaserte minstekravet, seier direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik Vonen til Framtida.no.

LES OGSÅ: – Alvorleg med ulovleg statskvitring

Nedgang
Frå 2012 til 2013 er det ein nedgang i delen av stortingsdokument – frå 26,3 prosent til 23,3 prosent. I andre kortare dokument var det ein nedgang frå 24,7 til 20,2 prosent nynorsk.

– Det er ikkje heilt bra. Departementa har òg ansvar for å halda krava til målbruk oppe i underliggjande organ. Eg ville vore glad om departementa kunne vera gode forbilde, seier språkdirektøren (bildet).

QUIZ: Prøv teiknspråkquizen til Språkdirektøren!

– Kuriøst unntak
82,4 prosent av sidetalet i stortingsdokumenta frå Landbruks- og matdepartementet var i 2013 på nynorsk, noko som gjer at dei bryt mållova på ein uvanleg måte: dei har mindre enn 25 prosent bokmål.

– Det er nesten eit kuriosum, og berre eitt tal blant frykteleg mange. I den store samanhengen er det ikkje så ille, men ei motvekt til det store underskotet av nynorsk hos andre departement. Rett skal vera rett, men i denne samanhengen er det ikkje noko å kritisera, slår språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen fast.

Berre to gonger før dei siste seks åra har eit departement hatt for lite bokmål i stortingsdokument: Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2009 og Kunnskapsdepartementet i 2010.

Når det gjeld andre dokument over 10 sider har Landbruks- og matdepartementet likevel berre klart å 14 prosent nynorsk i fjor.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Faktaboks

Ifølgje Lov om målbruk i offentleg teneste (Mållova) er sentrale statsorgan språkleg nøytrale. Dei skal veksla mellom nynorsk og bokmål. På nettsider, i stillingsannonsar og i rapportar og anna skriftleg tilfang skal ingen av målformene vera representerte med mindre enn 25 prosent hjå sentrale statsorgan.

Sjekk ut språkstatistikken her!

Prosent stortingsdokument i sidetal på nynorsk i 2013:

Landbruk- og mat: 82,4
Miljø: 47,2
Kommunal: 45,8
Kunnskap: 37,3
Fiskeri og kyst: 29
Samferdsel: 27,8
Forsvar: 23,9
Barne- og likestilling: 21
Olje- og energi: 20,5
Finans: 18,9
Arbeid: 16,1
Nærings- og handel: 10,9
Justis: 8,5
Utanriks: 8,2
Fornyings- og adm: 8,1
Helse- og omsorg: 4,3
Kultur: 3,8