Faktaboks

Undersøkinga er gjort i samband med ei masteroppgåve skriven av Iselin Nevstad Øvrelid, in samband med studiet Nynorsk skriftkultur i Volda.

Det vart gjennomført ei undersøking med spørjeskjema på tre vidaregåande skular i Møre og Romsdal.

Prosent av elevane som skifta frå nynorsk til bokmål:

Molde VGS: 20 prosent

Fagerlia VGS: 32 prosent

Volda VGS: 4 prosent

Av dei som skifta frå nynorsk til bokmål i grunnskulen og på vidaregåande skule seier 20 prosent at dei vart oppmoda til å skifta, oftast av foreldre og lærarar.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Tidlegare har ingen sett dette som eit problem, difor hadde ikkje eg forventa det heller, seier Iselin Nevstad Øvrelid. Ho har akkurat fullført undersøkinga si om språkskifte ved vidaregåande skular i Volda, Molde og Fagerlia. Av dei som har skifta hovudmål frå nynorsk til bokmål seier tjue prosent at dei har blitt direkte oppmoda om å gjera det.

– Det er foreldra og lærarane som dominerer i påverknaden. Etter det kjem vener, og så andre, fortel Øvrelid. I oppgåva kommenterer ho og at det er overraskande at vener ikkje har større påverknadskraft.

– Det ville kanskje vore naturleg å tenkja seg til at vener påverkar mest, sidan ein i ungdomsåra ofte er veldig opptekne av kva vener meiner og gjer. Det er kanskje eit større spørsmål knytt til lærarane – oppmodar dei til språkskifte?

Undersøkinga vart gjort som ein del av masteroppgåva ho skreiv i samband med studiet Nynorsk skriftkultur. Oppgåva fekk namnet «Språkskifte i den vidaregåande skule: Påverknad og haldningar.»

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving

– Urovekkande
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, tykkjer at talet på tjue prosent er urovekkande, om det stemmer.

– Eg vart overraska. Akkurat dette har me ikkje sett før i liknande undersøkingar. Det er eit oppsiktsvekkande og alt for høgt tal, seier Aakre Tennø.

– Det kan virka som et det er på skular som allereie er språkdelte, eller som eigentleg er bokmålsskular, ein blir oppmoda til målbyte. Og det går ikkje.

– Kvifor ikkje?

– Ungdom i alderen 16-19 år er i ein alder der det skal lite til for å velga det eine eller det andre. Læraren betyr mykje, og om så mykje som 20 prosent skiftar fordi dei blir oppmoda til det, er det eit problem for nynorsken, svarar Aakre Tennø.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk

Vil ikkje blanda seg inn.
Øvrelid vil ikkje spekulera så mykje i kvifor lærarar og foreldre oppmodar til målbyte. Det var heller ikkje eit spørsmål ho tok føre seg i arbeidet, men noko ho gjerne vil sjå nærare på seinare.

– Dette er eit resultat som eg ikkje hadde aning om ville dukka opp, seier Øvrelid.

Tidlegare har lærarar blitt kritisert for å ikkje hindra språkskifte aktivt.

– Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret, har tidlegare sagt det er ein misforstått nøytralitet når lærarane ikkje blandar seg inn. Ein tenkjer at lærarane ikkje skal påverka med meiningane sine, dei er redde for å blanda seg. Men det treng ikkje handla om press, men heller ei bevisstgjering, for å få elevane til å tenkja seg om.

QUIZ: Skjønar du bokmål?                                                                                                                                           

– Bokmål er lettare
Øvrelid har og funne ut ein del om haldningane til elevane som skiftar. Det er eit argument som går igjen for kvifor ein skiftar frå nynorsk til bokmål.

– Bokmål er lettare. Det er typisk, og går igjen. Eg tenkjer og at det heng saman med at elevane ser mykje meir bokmål i kvardagen – både på skulen, i media og elles. Då tenkjer eg det er lett å få eit bilete av at bokmål er lettare, fordi det blir brukt mest, seier Øvrelid.

Ho legg til at desse resultata gjeld mest for Molde og Fagerlia, der elevane likar klart best å skriva bokmål, sjølv om dei kjem frå "randkommunar" – kommunar i grenselandet mellom bokmålsdominans og nynorskdominans. I Volda hadde elevane ei meir positiv haldning til sidemålet sitt, som oftast var bokmål.

– I Molde og Fagerlia likar dei best å skriva bokmål, men mange uttrykkjer at det ikkje er nynorsken dei har noko imot, men sidemålsundervisinga som prinsipp, seier Øvrelid.

–Det er ikkje slik at dei ikkje vil læra nynorsk – ein del ville ha opplæringa tidlegare, fordi dei ikkje kan nynorsk godt nok, legg ho til.

LES OGSÅ: – Bruk engelsk i norsktimen

– Dette har Mållaget sagt heile tida, seier Marit Aakre Tennø.

– Ein må starta med undervisinga tidlegare, og me må sjå på strukturen til sidemålsundervisinga. Me har lenge argumentert for å bruka sidemål i andre fag enn norsk, noko som har blitt gjort med hell fleire stader, held ho fram.

At det er akkurat lærarane som oppmodar til målbyte, trur Akre Tennø handlar om haldningar.

– Det ville vore oppsiktsvekkande om dei mest nynorskvennlege lærarane oppmodar om å byta til bokmål. Me veit av nynorskbrukarar treng støtte og oppmoding, fordi det er vanskelegare for nynorskelevar å halda på språket mot alle odds. Difor er det skulen sitt ansvar å hjelpa og støtta desse elevane.

LES OGSÅ: Rapport: Elevar må retta på nynorsken til lærarar

I beste tru
Iselin Nevstad Øvrelid trur ikkje det berre er negative haldningar hos lærarane som får dei til å oppmoda til målbyte.

– Ein grunn kan vera at nokon elevar slit med å skriva nynorsk, og læraren seier det er lettare å skriva bokmål i god tru om at det er best for eleven. Eg trur ikkje lærarane jobbar aktivt mot nynorsken.

At lærarane handlar i beste tru er ei for tynn forklaring for Marit Aakre Tennø.

– Det er ei falitterklæring frå lærarane si side om dei meiner dei ikkje klarar, eller vil, læra frå seg nynorsk. I så fall vil dei heller gjera det som er lettast, også for dei, i staden for å læra språket so godt som dei bør læra, seier Aakre Tennø.

– Vil Mållaget gjera noko med desse tala?

– Eg tykkjer ikkje dette er godt nok, om lærarar på Molde og Fagerlia VGS oppmodar nynorskelevane, som allereie er meir sårbare, til eit språkskifte. Det kan ikkje skuleleiinga seia er greitt.

LES OGSÅ: Nynorskelevar skiftar til bokmål på nett

– Veldig rart
Rektor ved Molde VGS, Oddgeir Overå, og rektor ved Fagerlia VGS, Yngve Omenås, tykkjer begge det er rart at elevane ved deira skular skal ha blitt oppmoda til målbyte.

– Om det er slik, trur eg det helst handlar om kapasiteten til elevane. Våre lærarar oppmodar ikkje om å gå frå nynorsk til bokmål, snarare tvert imot. Det er fleire knallharde nynorskforkjemparar blant lærarane, heldigvis, seier Oddgeir Overå, og legg til at elevane får velga sjølv kva fag som blir sett opp ved skulen og kva målform undervisinga blir gjort på.

Yngve Omenås opplever det same, og har vanskeleg for å sjå nokon grunnar til at det kan vera slik. Ein grunn kan vera hos foreldra som vil hjelpa, trur Omenås.

– Mange føler kanskje at dei har litt lettare for å hjelpa barna sine på bokmål enn nynorsk, og på den måten blir dei oppmoda til å skifta. Eit anna press kan ligga i skulebøkene – nynorske bøker kjem ut seinare, i den grad dei kjem i det heile, seier Omenås.

Ingen av rektorane har planar om å gå meir aktivt inn for å hindra målbyte ved sine skular.

– Det er heilt utenkjeleg for oss å dirigera elevar inn på bestemte fag eller målformer, seier Oddgeir Overå.

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindra målbyte

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.57

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE