– Bruk engelsk i norsktimen

Språkprofessor Terje Lohndal er ikkje redd for at engelsk påverknad i språket skal øydelegga norsklæringa – tvert imot.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv Gemini i dag. Lohndal, som er Noregs yngste professor, seier til nettsida at han blir irritert kvar gong folk slår ned på engelske ord og uttrykk som snik seg inn i norsk språk. Han trur at litt engelsk i norsktimen kan gjera læringa meir engasjerande.

LES OGSÅ: Kan ein læra engelsk av geografilæraren?

Eigne versjonar
Lohndal peiker på at når me tek i bruk engelsk i språket vårt, er det tilpassa. Nokon «faila», i staden for «failed» som er fortidsbøyinga – me tilpassar formen til vår eigen grammatikk.

– Slik er dei aller fleste mønstra. Me tek nokre ord og tilpassar dei til den norske grammatikken. Og då kan norsklærarane bruka dei engelske orda til å snakka om kva som er eit substantiv, og kva som er eit verb, seier Lohndal til Gemini

LES OGSÅ: Skulen gjer lite for å hindre målbyte

Norsken vil ikkje døy
Lohndal svarar og på den vanlege kritikken mot bruk av engelsk i språket – at norsken etter kvart vil døy ut. Det meiner han er bullshit.

– Det er og heilt grunnlaust. Norsk er eit veldig stort språk i verdssamanheng. Dei aller fleste språk har berre nokre hundre brukarar. Det er 4,5 millionar menneske som har norsk som morsmål, seier Lohndal til Gemini.

Professoren meiner norsken vil overleva oss alle.

LES OGSÅ: – Greitt å skriva dårleg nynorsk