Støy på nivå med lyden av ein stuvsugar øydelegg for læringa til barn flest. Men for barn med ADHD eller andre konsentrasjonsproblem viser det seg å vere stikk motsett. 

Katrine Sele, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Katrine Sele, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Saka var først publisert hjå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Guten greier ikkje å sitje stille i klasserommet. Han får lite med seg av timen, pratar, kastar viskelêr, er høglydt og brå. Kan plutseleg springe ein plass, utan førevarsel.

Kva skal vi gjere med bråkmakaren? Sett den vesle fyren aleine i eit stille rom med spesiallærar, lite møblar og dempa fargar. Ingenting som distraherer han og ingen han kan distrahere: Forutan medisinering, har dette gjennom åra vore skulens fremste måte å løyse problemet på.

Heilt feil! seier læringsforskar Göran Söderlund frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. I staden for å forstyrre guten så lite som mogleg, bør han forstyrrast mykje, om han skal lære like bra som dei andre.

LES OGSÅ: Flest born med ADHD i Telemark

– Bråkmakarar treng bråk

I fleire tiår har den gjengse tolkinga av ADHD vore at det er ein tilstand først og fremst prega av låg impulskontroll. Så snart den ADHD-råka guten får ein idé i hovudet, må han handle: springe hit eller dit, lage lyd, få noko til å skje.

Den logiske konklusjonen til lærarar og andre har difor vore å putte han i eit minst muleg stimulerande miljø, så han ikkje skal få alle desse plagsame innfalla som distraherer han frå det han eigentleg skal gjere: sitje stille og lære.

Söderlund, som sjølv har 20 års erfaring som lærar før han blei forskar, har nærma seg elevane med merksemdproblem frå ein heilt annan kant. Gjennom kognitiv psykologi, eit fagfelt som mellom anna skildrar korleis hjernen fungerer, har han komme fram til heilt andre svar på kva som kan hjelpe dei barna som slit aller mest. Og dermed også andre forklaringar på kva det er som eigentleg plagar dei. 

For det som plagar dei er altså ikkje for mange impulsar utenfrå, snarare for få impulsar innanfrå. 

LES OGSÅ: Fare for å blande ADHD og bipolar liding

Ei form for sjølvmedisinering
Hjernen til eit barn med merksemdproblem har låge nivå av dopamin, det stoffet som hjelper til med å skilje ut det viktige frå det uviktige. I tillegg er det dette stoffet som skaper kjensla av glede og av å bli lønna. Barna som manglar dette, manglar ein grunnleggande motivasjon i klasserommet:

– Det skjer for lite i hjernen deira, kort og godt, til at dei kan føle at dei har det bra. Så eit ADHD-råka barn som skapar uro, gjer det som ei form for sjølvmedisinering, seier Söderlund.

– Meir enn andre barn, treng dette barnet liv og røre rundt seg. Å sette han i eit stille rom er det absolutt verste du kan gjere – då får han spader!

LES OGSÅ: Omega-3 fjernar ADHD-symptom

Fæl lyd, gode resultat
Som stipendiat ved Universitetet i Stockholm i byrjinga av 2000-talet testa han korleis barn med ADHD og ei kontrollgruppe utan diagnosen reagerte på ulike læringsmetodar. Han målte også effekten av støy på læringa deira.

I forsøka brukte han kvit støy, lik bruselyda frå ei gamaldags tv-skjerm utanfor sendetid. Lydnivået låg på 80 desibel, som ein støvsugar, ein irriterande og slitsam lyd.

I tråd med den vanlege oppfatninga av ADHD som tilstand, forventa Söderlund at barna med diagnosen ville bli ekstra negativt påverka av bråket – at dei var lettare å forstyrre enn dei andre barna.

LES OGSÅ: Snakkar ut om ADHD

Bråk ga betre resultat
Men det stikk motsette skulle vise seg å vere tilfellet. Resultata til barna med ADHD blei ein heil del betre når dei blei forstyrra på dette viset, medan resultata til kontrollgruppa blei verre.

– Då eg såg at 21 barn i forsøket blei vesentleg betre av dette uvesenet, blei eg verkeleg interessert. Først lurte eg veldig på om eg kunne stole på resultatet mitt, for eg syntest det var så rart. Eg las alt om støy og merksemd eg kunne komme over i verdslitteraturen, og forskinga mi har sidan følgt denne tråden, seier Söderlund.

I ein fersk studie publisert 13. november påviser forskaren med ny styrke den opphavlege teorien frå doktorgraden sin, og utvider perspektivet med å sjå på effekten av lyd på eit breiare spekter skuleelevar. Han håpar funna på sikt kan føre til ei positiv endring for dei barna som slit mest i skulen.

– Heile 20 til 25 prosent av elevane i det norske og det svenske skulesystemet forlèt skulen utan fullført vitnemål. Og faga dei ikkje lykkast i, viser seg å vere kjernefag som norsk og matematikk. Det hastar med å hjelpe desse barna, seier Söderlund.

LES OGSÅ: 32 millionar til forsking på ADHD og autisme

Motorvegar i hjernen
Den nypubliserte studien hans er gjennomført på ein skule i Southampton i England. Ved hjelp av lærarane blei elevane delt inn i tre grupper: normalt merksame, lite merksame og supermerksame. Dei supermerksame elevane skåra mykje verre når dei blei utsett for støy, medan dei med normal merksemd skåra noko verre.

For dei om lag 20 prosentane med merksemdsproblem var bildet heilt annleis. Med støy utførte dei fire testoppgåver med langt betre resultat enn utan lyden. Söderlund forklarer resultatet med omgrepet stokastisk resonans:

– Bakgrunnsbruset hjelper informasjonsoverføringa i hjernen gjennom å auke aktiviteten til hjernecellene. Såleis får det hjernecellene til å kommunisere betre med kvarandre, og merksemda og minnet til å bli sterkare, seier Söderlund.

– Å lære handlar på sett og vis om å skape nye motorvegar i hjernen. For barna med låg merksemd er støyen eit hjelpemiddel for å styrke signal som i utgangspunktet er for svake.

LES OGSÅ: Skuleborn lærer mindre når læraren kjeftar

Skulen lagar taparar
Det var tilfeldig at Söderlund byrja å forske på barn med merksemdsproblem. Men forskinga hans har leia til eit større og større engasjement for denne gruppa, som ifølgje studiane hans omfattar så mange som minst ein femtedel av alle skuleelevar.

Desse barna har langt dårlege prognosar for å klare seg bra i samfunnet enn andre barn. Og Söderlund er overtydd om at dei pedagogiske metodane i skandinavisk skule i dag er med på å gjere dei til skuletaparar:

– Problembasert læring og prosjektmetodikk har vore sentralt for skulesystema våre. Dette er ille for barn som slit med merksemda, meiner han.

Slike metodar krev nemleg at eleven greier å halde svært mange ting i hovudet på same tid. Men arbeidsminnet og evna til å planlegge er avgrensa hos barn generelt, og spesielt hos dei med låg merksemd.

LES OGSÅ: – Eittåringane er nøkkelen

Må kanskje ha meir pugging
Dei treng å jobbe langt meir strukturert, kanskje også meir med gamaldags pugging, for å automatisere kunnskapen. Jobbe med å skape dei tidlegare nemnde motorvegane i hjernen, før dei kan gå vidare til meir komplekse problem. Dei låge dopaminnivåa i hjernen til desse barna krev dessutan hyppige tilbakemeldingar frå læraren, kanskje så ofte som kvart tiande minutt.

– Dette er grunnleggjande funn frå moderne hjerneforsking, som har vokse fram i stor fart dei siste tjue åra. Før var hjernen som ein black box, eit ukjent territorium, men nye metodar for å ta bilde av kva som skjer i den, har opna opp mysteriet for oss. Ikkje minst har ekteparet og nobelprisvinnarane Moser avdekka utrolig mykje om korleis læring skjer på hjernecellenivå, seier Söderlund.

– Men diverre har skulen slett ikkje teke innover seg funna om korleis hjernen fungerer. Det blir ikkje sett på som relevant for utviklinga av undervisningsmetodar.

Støy-app
Sjølv jobbar Söder vidare med funna om støy som muleg hjelpemiddel for elevar som slit. Han har forska fram ein støy-app til mobiltelefonar. Denne er ikkje utprøvd enno, og han er spent på å sjå på effekten av bruk.

– At meiningslaus brus kan vere til hjelp for læring, er tydeleg. Men korleis vi kan introdusere dette i klasserommet på ein måte som fungerer, er eit heilt anna spørsmål, seier han.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE