Omega-3 fjernar ADHD-symptom
Det er ein klar samanheng mellom inntak av omega-3-feittsyrer og nedgang i ADHD-symptom hos rotter, syner forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskarar ved Universitetet i Oslo har observert åtferda til rotter og analysert biokjemiske prosessar i hjernane deira. Resultata viser ei klar betring av ADHD-relatert åtferd, og raskare omsetning av signalstoffa dopamin, serotonin og glutamat i nervesystemet etter tilførsel av omega-3-feittsyrer, skriv UiO.no. Det er derimot tydelege kjønnsforskjellar: Mannlege rotter har betre effekt av omega-3-feittsyrene enn kvinnelege.
LES OGSÅ: Flest born med ADHD i Telemark
Biologisk
I dag er den psykiatriske diagnosen ADHD (Attention Deficit/Hyperactivity Disorder) berre basert på åtferdsmessige kriterium, medan den molekylær-genetiske bakgrunnen for sjukdommen stort sett er ukjent. Dei nye funna antydar at ADHD har ein biologisk komponent, og at inntak av omega-3 kan verke inn på ADHD-symptom.
– I nokre forskingsmiljø er det kontroversielt å foreslå at ADHD har noko med biologi å gjere. Men vi har utvilsamt funne molekylære forandringar i hjernen etter inntak av omega-3 hos rotter med ADHD, seier professor i biokjemi Ivar Walaas.
LES OGSÅ: – Bruk mat som medisin
Forsiktige med konklusjonar
At omega-3 kan redusere ADHD-åtferd hos rotter er også antyda gjennom tidlegare internasjonale studiar. Det unike med den aktuelle studien er at han er tverrfagleg, med bidrag frå både medisinske åtferdsfag, psykologi, ernærings-vitskap og biokjemi.
Walaas og kollegaene er likevel forsiktige med å dra slutningar om at resultata deira kan overførast til menneske.
– For det første er det sjølvsagt forskjell på rotter og menneske, og for det andre er rottene sjuke i utgangspunktet. For det tredje er ikkje årsakene til ADHD hos menneske på nokon måte godt nok kartlagt, seier Walaas, og legg til:
– Men dersom det vert satsa vidare på grunnforsking som dette, vil vi auke detaljkunnskapen vår om ADHD monaleg.