Forfattaren bak boka ADHD, Øystein Runde, har samla inn masse kunnskap og erfaringar. Dette overraska han mest.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

Denne saka vart først publisert i ein kortare versjon av systeravisa vår, Framtida Junior.

Forfattar og teikneserieskapar Øystein Runde vart inspirert til å skriva ei bok om ADHD etter å ha blitt kontakta av mor til Ylva (11), som ynskte seg ei bok om ADHD. Me har spurt forfattaren om kva som er det viktigaste han har lært i arbeidet med boka:

1. Lite kunnskap

– At eg visste SÅ mykje mindre enn eg trudde.

2. Kan oppstå ved hovudskade

– At ein kan få ADHD ved å krasja med bil. Dei fleste har ADHD på grunn av genane sine. Det er svært arveleg. Men forskaren Berit Skretting Solberg fortalde meg at ADHD eigentleg berre er ein diagnose som betyr at du har fått eit visst tal poeng på nokre testar. Og poenga har stort sett med kor velutvikla frontallappen i hjernen din er. Så om du skadar frontallappen ved å krasja panna i frontruta di … så kan du få ADHD.

Øystein Runde er aktuell med boka «ADHD». | Foto og Illustrasjon: Øystein Runde

3. Heng ikkje saman med kreativitet

– Det overraska meg at forskaren Russel Barkley er så trygg på at ADHD ikkje heng saman med verken høg eller låg kreativitet. Eg tenkte alltid ADHD og høg kreativitet hang i hop, for eg kjenner så mange kunstnarar med ADHD. Men det er meir at kunst er fullt av nye oppgåver, og ikkje straffar deg for å leita rundt og utforska ting, og skifta fokus stadig og støtt.

Det er eit relativt bra felt å søkja etter meining med livet, og inntekt, for nokon med ADHD. Og det er eit godt argument for å vareta kunstnarstipend og finansiera kunst i samfunnet. Det held ein bråte folk med ADHD oppslukte med noko konstruktivt, gir mental helse og meistring til veldig mange folk, og biproduktet er kunst, som me veit gir auka livskvalitet for alle som bur rundt han. Dei beste kommunane eg har besøkt, i mine mange turnéar i Noreg, er dei som har satsa hardt på kunst. Folk flest tør tenkja meir fritt og leikent, tør vera meir rare og nerdete, tør laga kunst sjølv. ALLE har lyst å laga ting, og alle kan. Kreativitet er veldig normalt. Det er berre verre for nokon med ADHD å få kontroll på andre ting, så då vert ofte kreativitet ei trygg hamn.

4. Hjernen modnar

– Så er det masse som er både-òg med ADHD. Ein kan både bli betre med åra, fordi hjernen modnar. Og ein kan få det verre, fordi ein får ansvar for fleire ting di eldre ein vert, og alle triksa ein hadde for å roa ned hjernen fungerer kanskje ikkje når du brått har fått ungar du må passa på.

5. ADHD i idrett

– Det er enormt mykje ADHD i OL. Berre med Michael Phelps og Simone Biles er 26 OL-gull samla på to personar. Å bruka kroppen roar ned hjernen og hjelper på fokus. Og er sunt attpåtil!

6. Underdiagnostisering

– Veldig, veldig mange, spesielt kvinner, men også menn, får ikkje diagnosane sine før i vaksen alder. Ein eg kjenner fekk sin diagnose, og medisinering, utan at han hadde ADHD, og det er alvorleg, men me må ikkje falle ned i «pilleskam» og vera så redde for medisinering at vi ikkje tør å hjelpa barn som ville hatt nytte av det.

7. Maskering

– Di meir ressursar ein har, både sosialt og akademisk, di lettare kan ein «maskera» problema sine, sånn at ingen oppdagar dei før veldig seint. Og då har skaden kanskje allereie skjedd, du har gjort mange val i livet som du kanskje ville gjort annleis om du hadde betre impulskontroll, eller meir tolmod med å studera, eller ikkje vart like lett såra og sint på (eks-) kjærasten din.

8. Kanskje ADHD

– Eg veit framleis ikkje om eg har ADHD. Eg har alltid levd eit liv som passar for den personen eg er, og eg ser det som ein stor verdi at samfunnet har stor variasjon i oppførsel. Det beskyttar menneskeslekta mot katastrofar. Dette, verdien av ko-ko-folka, har me alltid visst om, alle ur-mytane våre er om det. Når ein flaum utryddar alle dei «normale», er det raringen Noa som har bygd ei ark og samla to av alle dyr som reddar dagen. Når prins Gautama ikkje passar inn i samfunnet, er det fordi han er Buddha og har forstått noko som andre kan læra av.

9. Romantisering

– Eg har òg lært at å romantisera ADHD og kalla det ei «superkraft» er, på eit vis, å flåsa vekk noko som for mange er ekstremt alvorleg. At du klarer deg gjennom livet med tung ADHD er ikkje fordi ADHD er ei slik superkraft, det er fordi DU har vore flink til å finne strategiar rundt problema dine. Kompisen min Iver samanfatta det med «Det er ingen som seier leukemi er ei superkraft», og det er kanskje litt intenst, men mellom anna Barkley si forsking har slått fast at kraftig ADHD kan forkorta levetida di. Meir risikabel oppførsel har, statistisk sett, konsekvensar.

I boka er dei såkalla "eksekutive funksjonane" denne vesle figuren. Desse er ofte påverka hjå folk med ADHD, og kan gjere det vanskeleg å starte eller gjennomføre ting. | Illustrasjon: Øystein Runde

10. Risiko og hyperfokus

– ADHD gir oss menneska som tek sjansane for oss, som oppdagar nye ting og hyperfokuserer på stadig nye ting og dyttar verda vidare og hindrar oss i å stagnera – dei er verdifulle for fellesskapet, men å vera den som har ADHD, er ingen spøk.