32 millionar til forsking på ADHD og autisme
Eu har lova millionane til forskingsprosjektet MiND, der Universitetet til Bergen er partnar. Pengane skal brukast på framtidas forskarar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv Universitetet i Bergen (UiB) i ei pressemelding. MiND er eit tverrfagleg forskingsprosjekt som får støtte gjennom Horizon2020, eller H2020.
H2020 er EU sitt åttande rammeprosjekt, altså forskingsprogram som skal støtta og oppmoda om forsking i Europa.
LES OGSÅ: Krympar hjernen med lite søvn
Første til UiB
Det er første gong UiB får midlar i dette programmet, som skal bidra til utdanning av forskarar – meir spesifikt innan forsking på ADHD og autisme, felt der det er behov for meir forsking.
Behandling av ADHD blir gjort i stor grad med dei same medisinane som for 50 år sidan, står det i pressemeldinga.
LES OGSÅ: Stappfullt på UiB
Søkte først i 2012
Det var ingen sjølvfølge at UiB skulle få midlar frå H2020, seier Jan Haavik ved Institutt for biomedisin. Søknaden til prosjektet vart først sendt inn i 2012.
– Det har vore ein omfattande søknadsprosess og eit trongt nålauge, seier Haavik i pressmeldinga.
UiB håpar å få starta opp med arbeidet våren 2015
LES OGSÅ: Treningslysta kan styrast