Barn som mobbar, bør bli flytta til andre skular, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Det står ikkje eksplisitt i lovverket i dag at ein elev som mobbar, kan bli flytta til ein annen skule, men det framgår av forarbeidet i lova at det er høve til dette. Kunnskapsdepartementet foreslår no lovendringar som opnar for at mobbarar i visse tilfelle skal kunne bli flytta til ein annen skule. På den måten slepp offeret sjølv å måtte flytte.

LES OGSÅ: Gutar taklar mobbing med idrett

Lærarane seier nei
Røe Isaksen får støtte av foreldre og elevar, men skuleeigarar og lærarane seier nei, skriv Vårt Land.

Den siste Elevundersøkinga viser at så mange som 17.000 barn og unge blir mobba to-tre gonger i månaden eller meir. Ein av dei var 13 år gamle Odin Osen Andersgård som tok sitt eige liv i mars, og som VG har skrevet fleire artiklar om dei siste dagane. (©NPK)

LES OGSÅ: Elevar blir mobba på NRK-inspirerte Instagram-kontoar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.56

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE