Gutar taklar mobbing med idrett

Å driva med sport hjelp i alle fall gutane med å takla mobbing, viser ei stor nordisk undersøking.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Taklar mobbing med idrett

Det er forskning.no som skriv om undersøkinga, som starta opp på Göteborg universitet.

Dei såg på ei undersøking av over 6000 born frå Norden i aldersgruppa 4-16 år, med grunnlag i foreldra sine svar. Dei fann blant anna ut at gutane som dreiv med idrett hadde betre psykisk helse.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

– Dei mobba gutane som trente minst ein gong i veka hadde sjeldnare dårleg mental helse, med 1,7 gaoger høgare odds for god helse samanlikna med dei som ikkje trente, seier Ylva Bjereld, doktorand ved Göteborg Universitet, til forskning.no

For jentene i undersøkinga var ikkje idretten ein like avgjerande faktor.

LES OGSÅ: Regjeringa vil flytte mobbe-elevar

Meir mobbing av gutar

Undersøkinga viste og at det er flest gutar som blir mobba, sjølv om skilnaden ikkje er stor.

15 prosent av gutane sa dei vart mobba, medan 13 prosent av jentene sa det same. Samstundes var det ein større del av gutane som viste teikn på psykiske problem grunna mobbing – 44 prosent av gutane og 36 prosent av jentene viste teikn på dette.

Men idrett kan altså gjera det lettare for unge gutar å takla mobbing.