Elevar blir mobba på NRK-inspirerte Instagram-kontoar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aftenposten har funne over 50 kontoar på den sosiale biletdelingstenesta Instagram. Mange av dei er lukka grupper, og i dei verste tilfella er barn lette å kjenne att på bileta, med tilhøyrande grove og krenkjande kommentarar.

Ifølgje avisa er mange av gruppene lukka, mange har sletta bileta som har lege der, og mange har bede om unnskyldning. Nokre er likevel framleis opne.

LES OGSÅ: – Eit stort, stinkande samfunnsproblem

Idé frå NRK Super
Ideen til dei anonyme kontoane kjem ifølgje avisa frå ungdomsserien «Jenter» på NRK-kanalen Super.

Fleire av dei aktuelle skulane kjenner til problemet, og har tatt grep, skriv avisa.

Professor Erling Roland ved Universitetet i Stavanger seier barn neppe forstår spreiingskrafta på internett. Han seier omfanget av digital mobbing har auka kraftig frå tusenårsskiftet. Ifølgje Roland blir den som blir mobba på nett, nesten alltid utsett for vanleg mobbing.

I NRK er dei lei seg for at deira ungdomsserie har vore ein inspirasjon for mobbarar. (©NPK)

MEINING: Sosiale media skremmer foreldra