Mange osloungdommar slit psykisk

– Nivåa er til dels svært høge, spesielt for jentene, seier forskar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svært mange slit psykisk

Det er ein klar auke i psykiske plager blant unge i Oslo, og dei er meir plaga enn unge i resten av landet. Dette er eitt av funna i den siste Ung i Oslo-undersøkinga som NOVA har gjennomført.

– Med små unntak har det i perioden frå 1996 til 2012 vore ein generell tendens i retning av at fleire rapporterer om ulike psykiske plager og problem, fortel Nova-forskar Tormod Øia.

– Nivåa er til dels svært høge, spesielt for jentene, seier han.

Medan det i 1996 var 15 prosent som følte håpløyse med tanke på framtida, var talet så høgt som 26 prosent i 2012.

Ovar halvparten av jentene seier dei i løpet av den siste veka har følt at alt er eit slit, og at dei har bekymra seg for mykje for ting.

LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane

Jentene slit mest
Øia fortel at jentene rapporterer om langt fleire psykiske belastningar eller problem enn gutane. Heile 51 prosent av jentene har svart at dei sist veka har vore "veldig mykje" eller "ganske mykje" plaga av kjensla at "alt er eit slit". Minst like mange har bekymra seg for mykje om ting.

Jenter med innvandrarbakgrunn er mindre plaga av dårleg psykisk helse samanlikna med jenter med norsk bakgrunn. Elles er det små skilnader mellom etnisk norske og unge med innvandrarbakgrunn.

I heile Noreg har talet på ungdommar med depressive symptom vore stabilt mellom 2002 og 2012, men auka frå 1992 til 2002, ifølgje tal frå Nova.

Drikk, slår og røyker mindre
Frå 1996 til 2012 har det vore ein markert nedgang i delen unge som det siste året har drukke seg tydeleg rusa. Dei unge røykane mindre, men snusar meir. Delen som gjer kriminelle eller antisosiale handlingar, har gått ned. Det same gjeld delen som har vorte utsett for truslar om vald.

LES OGSÅ: Dagens ungdom er snillare

– Målet med undersøkinga har vore å gje eit breitt oversyn over ulike sider ved osloungdoms levekår og oppvekstsituasjon, fortel Øia.

– I tillegg ynskte vi å sjå på endringar over tid, og samanlikna ungdomsmiljøet i Oslo med resten av landet.

Rundt 10.000 ungdomar har delteke i undersøkinga. 32,2 prosent av ungdomane som deltok, har begge foreldra fødd i eit anna land.

Det har vore gjennomførd tilsvarande undersøkingar i 1996 og 2006.