Er du lei av mobilar som gjev sitt siste sukk når det passer aller dårlegast? Snart kan du lade mobilen på tida det tek å pussa tennene før du går ut. Allereie om to år kan det nye litium ion batteriet utvikla av forskarar ved Nanyang Technological University i Singapore vere tilgjengeleg på marknaden, melder Science Alert.
LES OGSÅ: Livet med dumtelefon
Tanke strøm
Oppladbare lithium ion batteri er allereie vanleg i mobiltelefonar, tabletar og bærbare datamaskinar, men vert utslitt etter kring 500 oppladingar. Noko som tilsvarar to-tre års bruk. I tillegg treng dagens batteri fleire timar for å verte fullada. Dette kan det no sjå ut til å verte endring på.
Batteria kan òg ha mykje å seie for elektriske køyrety, som kan køyre lenger på ei lading og med mindre batteriutskifting.
– Elektriske bilar vil auke rekkjevidda si dramatisk, med berre fem minutts lading, noko some er omlag det same som ein treng for for å fylle bensin på dagens bilar, seier professor Chen Xiaodong, som leia studien, i ei pressemelding.
Like viktig er det at ein vil få mindre giftig avfall når batteria skiftast sjeldnare, peikar forskarane på.
LES OGSÅ: Vil gjera Noreg til eit batteri
Billigstoff
Gjennombrotet i forskinga kom då forskarane erstatta den vanlege grafitten i den negative polen av batteriet med eit geléaktig materiale laga av titanium dioxid nanorør. Desse røra er tusen gongar tynnare enn menneskehår og får elektronar og ionar til å røre seg raskare inn og ut av batteriet – og dermed lade fortare. I tillegg let desse mikroskopiske røra meir energi bli lagra i batteriet.
Du trur kanskje at prisen på dette vidunderbatteriet er langt utanfor rekkjevidde? Ikkje nødvendigvis, titanium dioxide er nemleg eit relativt billig stoff, som er lett tilgjengeleg i jorda. Forskarane har allereie fått oppfinninga lisensiert og har publisert framgangsmåten i tidsskriftet Advanced Materials.
LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verdt