Regjeringa fell ikkje sjølv om Senterpartiet går ut – slik fungerer det
Senterpartiet går ut av regjeringa på grunn av usemje over korleis Noreg skal stille seg til EU sin energimarknad. Kva vil det seie for regjeringa?
Oppdatering: Etter at denne artikkelen vart publisert kunngjorde Senterpartiet at dei trekker seg frå regjeringssamarbeidet med Arbeidarpartiet.
Dersom Senterpartiet går ut av regjeringa, betyr ikkje det nødvendigvis at Jonas Gahr Støres (Ap) tid som statsminister er forbi.
Om Senterpartiet går ut, betyr det i utgangspunktet at regjeringa held fram – men no som ei rein Arbeidarpartiet-regjering.
Det inneber at alle ministrar, statssekretærar og politiske rådgivarar kjem til å vere frå Arbeidarpartiet.
Den næraste parallellen vi har i nyare norsk historie er frå januar 2020 – då Framstegspartiet gjekk ut av regjeringa i samband med saka om at Noreg henta heim ei norsk kvinne som hadde slutta seg til Den islamske staten og dei sjuke barna hennar.
Negativ parlamentarisme
Då heldt Erna Solbergs fram (H) regjering, men no med partia Høgre, Venstre og KrF. Utan Frp mista regjeringa fleirtalet sitt på Stortinget, men partiet meinte framleis at Solberg var rett person til å styre landet. Ho samarbeidde derfor med dei om statsbudsjettet og andre viktige saker, og vart sitjande til etter valet i 2021.
I Noreg har vi såkalla negativ parlamentarisme.
Det betyr at regjeringa ikkje må ha fleirtalet i Stortinget med seg, men dei kan ikkje ha fleirtalet mot seg.
Dersom Sp trekkjer seg ut, har dei ikkje med det sagt at dei ikkje støttar Støre som statsminister – berre at dei ikkje vil vere ein del av den regjeringa sjølv.
Må aktivt peike på nokon andre
Vi har heller ikkje moglegheit for nyval midt i ein stortingsperiode i Noreg. I mange andre land er det slik at det kan skrivast ut val til nasjonalforsamlinga dersom regjeringa fell, og også i andre tilfelle dersom dette er ønskjeleg. I februar skal til dømes Tyskland velje ny nasjonalforsamling etter at regjeringa fall i november.
Den moglegheita eksisterer ikkje i Noreg – Stortinget blir vald i september kvart fjerde år, og politikarane må jobbe ut frå det, uansett.
Skulle Senterpartiet no peike på ein annan statsminister som best eigna til å styre landet vil situasjonen endre seg. Då kan det vere fleirtal for ei anna regjering, og i så fall vil Jonas Gahr Støre måtte trekkje seg som statsminister. Men det føreset altså at Senterpartiet aktivt vel å støtte nokon andre.