Gamle mobilar gull verd

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du tar på han heile dagen, ser på han, smiler til han, stryker fingrane varsamt over han, tørkar av han, klemmar han. Du sjekkar han kvart minutt, du søv med han ved sidan av deg i senga, og du passar alltid på at han har nok næring til å fungere. Han opnar verda for deg, det er gjennom han du får vite siste nytt, han som set deg i kontakt med alle dei hippaste folka, som held deg nær familien.

Men så mister du han i bakken, kanskje får han ein sprekk og då kastar du han, eller du slår han av, tek ut simkortet og legg han i ein skuff. Kanskje er han berre blitt for gamal, utdatert, kanskje tolte han ikkje den nyaste oppdateringa av instagram. Og der bli han liggande, hjelpelaus, straumlaus, uverksam.

LES ÒG
: Ikkje gull alt som glitrar

Over to millionar nye telefonar årleg

– Mobiltelefonar bli lett liggande i skuffen, dersom ikkje barn eller andre ønskjer å overta dei, seier Jan Otto Bjørkum.

Han er dagleg leiar i Grønn Mobil i Sandefjord, ein butikk og nettbutikk der du kan pante den gamle mobilen du har liggande i skapet, eller kjøpe ein ny brukt telefon. 

Her kan du sjå kva du kan få for din gamle mobil!

– Det seljast over 2,3 millionar nye mobiltelefonar kvart år i Noreg. Det er ingen som leverer inn nyare mobiltelefonar til gjenbruk, fordi dei får for lite betalt for dei. Eg starta Grønn Mobil fordi det ikkje var noko bra konsept for å handtere brukte mobiltelefonar i Noreg. Det ønskte eg å skape, fortel han. 
 


Miljøstatus.no har laga denne videoen for å syne kvifor gjenbruk av mobiltelefonar er så viktig.


For dyrt med ny telefon
Gjenbruk av mobiltelefonar er både miljøvenleg og lønsamt, anten ein sjølv pantar eller berre kjøper seg ein ny, brukt telefon.

– Veldig mange syns det er dyrt å kjøpe ny telefon heile tida, og sidan vi gir tre månadar garanti og konkurransedyktige prisar, så vel dei gjerne oss i staden for Finn, forklarer Bjørkum.

I tillegg fortel han at mange av kundane er foreldre som kjøper telefonar til barna sine.

– Dei synest det er alt for dyrt  å gje ein tolvåring ein telefon til fem tusen kroner, når dei ofte knusar eller øydelegg han på anna vis. Då er det betre å kjøpe ein telefon til 1500-2500 kroner. Eller at dei pantar sin gamle telefon, og får utbetalt pengar for han.

LES ÒG:
Med nynorsk på brystet

Få opptil 2500 kroner for din gamle telefon

Han forklarer at det er pengar å hente for folk som har gamle telefonar dei vil pante.

– Ved å pante mobilen kan du få alt frå 30 til 2500 kroner for den brukte telefonen du har frå før. Disse pengane kan du nytte til å kjøpe ein ny telefon. Du kan òg velje å donere bort pengane til Plan Norge, via vår nettside, fortel han.

Jan Otto fortel at det er mange som er interessert i å resirkulere gamle telefonar.

– Vi opplever for tida ei sterk auke i etterspurnad, og det er veldig mykje skryt å få. Vi har kundar over heile Noreg. Fleire og fleire får kjennskap til at dette går an og at det fungerer, avsluttar han.

LES ÒG: Digital veving