Ber legane syne tvilen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Norske studentar slit med psykiske plagar og særleg utsette er studentar på prestisjestudier som medisin. Ti år etter ferdige studiar har medisinstudentane framleis lågare skår på psykisk helse og livskvalitet enn før dei byrja å studere, syner ei norsk studie.

Er presset på studentane for høgt, eller er det noko meir grunnleggjande som er gale? Silje Tellefsen vil utfordre korleis vi tenkjer om legerolla.

– Legekulturen er uheldig, både for pasientar, samfunnet og legane sjølv, meiner ho.

Lite rom for tvil
– Om du ikkje kan ta vare på deg sjølv, kan du heller ikkje ta vare på andre, seier lege Michael de Vibe, som har skrive doktorgrad om korleis mindfulness kan vere til hjelp for medisin- og psykologistudentar.

Han ønskjer meir fokus på personleg utvikling undervegs i studiane, og rettar søkelyset mot det stresset og presset flinkisane på medisin og psykologi opplever.

Silje Tellefsen jobbar i dag som sivilingeniør. Men det er som tidlegare medisinstudent og tidlegare pasient at ho uttalar seg, når ho seier at de Vibes tanke er god, men at den ikkje utfordrar kjerna i problemet:

– Det som skaper presset på desse studentane er først og fremst ein uheldig kultur, med utspring i legeidentiteten. Her rår frykta for å vere feilbarleg, og frykta for å vere middelmådig. Når legerolla er knytt til å vere ufeilbarleg, er det svært vanskeleg å innrømme tvil, usikkerheit og feil.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen

Rammene for utvikling vert avgjort av den kulturen ein utviklar seg i, meiner Tellefsen.

– Medisinstudiet er mindre sjølvutviklande, kjedelegare og mindre intellektuelt utfordrande enn det kunne og burde ha vore, fordi det er så lite rom for å vere nysgjerrig og stille spørsmål. Dette bidrar til presset studentane kjenner på, seier ho.

Tellefsen meiner denne legeidentiteten er med å svekkje pasientryggleiken.

– Dersom legerolla opnar for å kunne vere sårbar og tillate tvil, vil det verte lettare for legen å vere nysgjerrig og samstundes vise seg som feilbarleg – også i forkant av såkalla ”uheldige hendingar”,  meiner den tidlegare medisinstudenten.

– Kan bli betre
Svein Aarseth er leiar i Rådet for legeetikk, som mellom anna handterer klagesaker på medlemmer av Legeforeningen. Han tykkjer det er vanskeleg å kommentere enkeltsaker, men har innblikk i korleis feil vert handtert.

– Alle gjer feil. Spørsmålet er korleis ein handterer feila. Eg plar seie på kurs at ein må erkjenne at ein kan gjere feil. Har ein gjort feil må ein erkjenne det og beklage. Det er til beste både for lege og pasient, fortel Aarseth, og medgjev:

– Eg trur mange, også eg, kan bli betre på dette. Eg ser sjølv – ofte i møte med andre kollegaar – at det er lett å gå i forsvarsfella. Korleis ein handsamar feil, kjem an på systemet ein møter. Om ein har ei syndebukkstenking er det ikkje like lett å innrømme feil, som om ein ser på avvik som noko ein kan læra av. Det må vera ein kultur for å læra av eigne og andres feil.

Som allmennlege har Aarseth sjølv erfart at det ofte er vanskeleg å stille ein diagnose. Når det gjeld å formidle tvil undervegs understrekar han at dette må gjerast på ein slik måte at legen ikkje framstår usikker for pasienten. Men i medisin er det ikkje alltid eit klårt svar.

– Eg skulle ofte ynskje at både pasient og lege i større grad stolte på legen sitt skjønn, avsluttar han.

Uheldig for pasientane
Silje Tellefsen har gått på medisinstudiet i to omgongar. Første gong eit halvt år på NTNU, og andre gong eitt år i Oslo. Ho har også kjend legekulturen endå tydelegare på kroppen i ei anna rolle – då det var ho sjølve som var pasienten.

Tellefsen hadde nettopp teke til å studere medisin, og tilliten til helsevesenet var sterk. Då ho oppsøkte hjelp, opplevde ho å få fleire alvorlege diagnosar. Etter nesten femten år i terapi, talte ho 15 diagnosar, deriblant schizofreni, personlegdomsforstyrringar, bipolar depresjonsdiagnosar og autisme. I same tidsrom utdanna ho seg til sivilingeniør og jobba med undervisning etter tilleggsutdanning som lektor i matematikk og fysikk.

– Å få så alvorlege diagnosar er skummelt. Sjølv om behandlinga ikkje nytta haldt eg fram med å gå, i påvente av å bli friskmeldt. Eg kjende meg forplikta til å bli frisk. Det skjedde aldri. I staden kom nye diagnosar, meir behandling og medisinar, og atter nye diagnosar. Den polikliniske behandlinga med samtaleterapi og «meistringstilbod til psykisk sjuke» gav lite, men stal mykje tid. Om eg eller pårørande var ueinige i diagnosane vart det teke som eit mål på manglande sjukdomsinnsikt, fortel ho.

LES OGSÅ:Til bords med døden

Om Tellefsen kunne stå i full jobb og drive idrett på høgt nivå, eller ho var så sjuk at ho trengde hjelp til å ete og sove, var behandlinga sjeldan ulik. Eit unntak var det likevel: Etter mange år fekk ho ein ADHD-diagnose og medisinar som endeleg verka.

I tillegg var det avgjerande at ho til sist møtte ein lege som oppmoda henne til å ta konsekvensen av at ho stille spørsmål ved sin eigen tillit til helsevesenet:

– Treng du å la oss og diagnosane ha injurierande kraft? spurde legen.

Framleis har diagnosane i journalen konsekvensar for korleis ho vert behandla når ho ber om hjelp på legevakta. Både matforgiftning og armbrot har i fyrste omgang blitt tolka som ”noko psykisk eller rusrelatert”, fortel ho. Likevel er det ikkje lenger så viktig for Tellefsen om norsk helsevesen definerer henne som «sjuk, med manglande sjukdomsinnsikt».

– Spørsmålet frå legen vart viktig for at eg ikkje brukte resten av livet på å bli erklært frisk av ein profesjon eg etterkvart hadde eit elendig forhold til. Om eg er sjuk eller ikkje, så kjem eg aldri til å bli friskmeldt. For meg sjølv har eg likevel teke valet om at eg vil bruke tida mi på jobb, med barna mine og mannen min, og i mitt sosiale liv, og ikkje på jakt etter ei friskmelding.

Må skilje mellom lette og alvorlege lidingar
Tellefsen fortel historia fordi ho meiner den gjenspeglar kva legekulturen betyr i eit større perspektiv: vi prioriterer feil i helsevesenet.

– For dei fleste med lette til moderate psykiske plagar har helsevesenet lite anna å stille opp med enn anerkjenning i form av diagnosar. Likevel insisterer vi på å profesjonalisere og individualisere alt som gjer vondt i livet, seier ho.

LES OGSÅ: Mindfulness på timeplanen?

Sivilingeniøren meiner dette ikkje er ei varig løysing. Som medmenneske og samfunn fråskriv vi oss ansvar for oss sjølv og kvarandre, og profesjonane slepp å ta tak i dei verkelege vanskelege oppgåvene  Konsekvensen er at dei med alvorlege psykiske lidingar ikkje får ikkje eit godt nok tilbod fordi ressursane ikkje strekk til, ifølgje Tellefsen.

– Sjukemelding og tidleg medikamentell intervensjon ved hoste er ikkje føresetnad for å unngå tuberkulose eller kreft. På same vis er det ikkje avgjernande å straks erstatte skule og jobb med poliklinisk akvarellkurs, samtaleterapi og medikamentell behandling ved vinterdepresjon. Og i alle fall ikkje valfridom på om dette akvarellkurset skal verte arrangert av ein privat eller offentleg aktør. Tidleg – og ikkje minst riktig – intervensjon ved schizofreni er derimot viktig for ein god prognose.

Ønskjer seg meir tvilande legar
Sivilingeniøren meiner at vi insisterer på å behandle lettare psykiske lidingar profesjonelt, fordi vi har ei overdriven tru på kva helsetenesta kan hjelpe oss med. Dette heng igjen saman med legerolla og idealet om det ufeilbarlege, ifølgje Tellefsen.

No meiner ho det er på tide med sjølvransaking, både i samfunnet og hjå legane sjølv.

– Det å kunne syne at ein er sårbar, formidle tvil og diskutere utilstrekkelegheit, er å vere kompetent.

Ved å sjå nøye på kva det eigentleg tyder å vere profesjonell, trur ho legeyrket kan betre relasjonen til pasientane og betre pasienttryggleiken.

– Eg saknar legar som kjenner seg trygge når dei kommuniserer ei meir pragmatisk oppfatning av si eiga rolle, seier ho.

Ho løftar fram eit døme som illustrerer skilnaden, frå to tvangsinnleggingar ho har bak seg:

Den første legen sa: «Eg har bestemt meg, og er ikkje i tvil. Det er til ditt eige beste, så du bør ikkje vere så utakksam».

Den andre legen sa: «Eg kan ikkje vite om dette er riktig. Eg er usikker, og då kan eg ikkje velje noko anna. Likevel er det eit tungt val å vite at eg kanskje krenkjer deg meir enn eg kan forstå».

LES OGSÅ: Når staten tilbyd kriminelle giftsprøyte