Til bords med døden

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Inne på Teknisk museum i Oslo heng det kvite ark med daudinghovud på. Om ein følgjer det dystre sporet, kjem ein til bord dekte med raudrutete dukar. I dag skal framande samlast her for å snakka om døden – og livet.

LES OGSÅ: Lever lengre med eit mål i livet

Frå Sveits med død
Bak konseptet Death Café, som for uinnvidde kan verke noko skummelt, står briten Jon Underwood. Han henta ideen frå den sveitsiske sosiologen Bernard Crettaz, som i 1999 starta Café Mortel.

Dødskafé er ein ideell organisasjon, der målet ikkje er å tene pengar. Målet er å auke bevisstheita om døden, og slik verte meir motivert til å få mest mogleg ut av livet. Dødskafé er ei samtalegruppe, ikkje sorggruppe eller terapi.

I Noreg er initiativtakarane gravferdsagent Katarina Zwilgmeyer og filosof Else Werring, som arbeider frivillig i Fransiskusgruppens sorggrupper.

Etter at dei starta opp i november i fjor har dei hatt små og store grupper i alle aldrar, gjengangarar og nykommarar. Overvekta har vore under 40, fortel initiativtakarane.

Mange har noko uoppgjort med døden.

– Nokon har sagt at det har vore ei hjelp til å koma vidare i livet. Det er jo det me vil. Ikkje at folk skal ha eit ustoppeleg og utømmeleg behov for å snakka om døden, men at dei skal få ein arena der dei kan nærme seg ting som er vanskeleg, forklarar Zwilgmeyer. 

Sensasjon og skrekkfilm
Men snakkar me eigentleg for lite om døden?

– På nokon måtar snakkar me for mykje om det. Det er veldig masse død i media, men det er veldig sensasjonsprega. Kanskje me snakkar feil om døden, undrar Werring, og får støtte frå Zwilgmeyer.

– Dei fleste dør ikkje på sensasjonelle eller glamorøse måtar, dei fleste har ein litt kjip og ekkel sjukehusdød.

Mykje av det som kjem i media handlar ikkje om døden, men om show, meiner dei. Skrekkfilm, samanliknar Werring det med.

– Alle skal jo dø. Me gjer det heile tida. Kroppen dør sakte,men sikkert. Nokre relaterer til det og andre nektar. Egtrur at bevisstheit om døden kan gjere oss meir medvitnepå livet, seier Zwilgmeyer.

Dei har begge inntrykk av at døden er vortetrendy. Kvifor kan dei ikkje heilt forklare. TV-serien «Six feet under»gjorde stor suksess i byrjinga av 2000-talet, det same gjorde Kristoffer Schau med boka «På vegne av venner» (2009), som handla om offentlege gravferder.

NRK-serien «Kisten», der kjente menneskjer vart oppmoda til å regissere si eiga gravferd og reflektere rundt døden, er eit eksempel på død som underholdning i 2014.

LES OGSÅ: Å danse tango med døden

Liv på Dødskafè
I dag er ei lita ivrig gruppe samla.

– Yes, Dødskafè! kjem det frå ein gjengangar.

Personen er bitt av basillen, som slett ikkje er dødeleg. Det er ikkje morfin, men svart kaffi i koppane.  

På menyen står død. Forretten er ein runde der alle fortel litt om kvifor dei er her.

Ein person fryktar døden, ein vil hjelpe folk i møte med det uunngåelege, ein tredje har mista mange, vil ikkje at livet skal ende og finn trøst i ei katolsk tru på eit liv etter dette.

– Det er synd det ikkje skal fortsette, nyttar ein person høvet til å seie.

Dei andre er einige.

– Me har alltid veldig fine samtalar og eg får mykje meining ut av dette, seier Else Werring.

Ein deltakar plar å forlate kafeen etter to timar: styrka, glad og med litt vondt i hovudet.

– Det vonde og det gode heng saman, slik er det òg med livet og døden. Eg kjenner ikkje så mange eg kan snakke med døden om. Eg føler det gjev livet enno meir liv.

«Livskafé» konkluderer deltakaren med at det må vere.


Initiativtakar og filosof Else Werring kosar seg med kake og samtalar om døden.

LES OGSÅ: Small talk er viktig

Snakke i fredstid
Psykologspesialist Elin Hordvik ved Senter for Krisepsykologi har jobba mykje med både barn og vaksne etterlatne.

Ho opplever at me i dag møter mykje død og katastrofar, mellom anna i nyheitene, men at det vert vanskeleg å snakke om det når det er ein realitet, når det gjeld våre nære og kjære.

– Det er viktig å snakke om det i «fredstid», det vil seie til andre tider, når det ikkje er midt i ei krise der ein har mista nokon. Det vert ikkje mindre trist, men då vert det ikkje så voldsomt skremmande, trur ho.

Psykologen meiner at ein Dødskafé kan vere ein god arena for å snakke om det vonde i fredstid, så lenge ein snakkar med balanserte menneskje, på ein god måte, og at det ikkje vert noko sjølvmordskontrakt eller «digging av døden».

Ein annan god arena kan vere konfirmasjonsundervisninga, som mange tenåringar gjennomgår. Mange unge set pris på å snakke med trygge vaksne om temaet, forklarar psykologen.

Ho er oppteken av at me skal snakke enkelt og nøkternt om døden, og ikkje glorifisere og omskrive det til «å sovne inn» eller «å gå bort».

– For 50-60-70 år sidan var folk vane med å forhalde seg til døden, fordi dei gamle døydde heime. Ein såg dei døde og tok del i rituala. Så kom nokre tiår der døden stort sett var noko som skjedde på sjukehus og ein var veldig skåna for det. Dei siste par tiåra har det igjen vorte snakka meir om det, særleg med born, endatil om så vanskelege tema som dette med sjølvmord, seier psykologen.

LES OGSÅ: Det hjelper å snakka med nokon

Hoppemeny
Deltakarane på Dødskaféen har ulik alder, tankar og bakgrunn. Menyen, som inneheld nokre valmoglegheiter, vert ikkje følgt slavisk. Samtalen beveger seg frå død, til verdas elende og religion.

Og tilbake til død.

Ein person fryktar overgangen – frå levande til død. Redd for smerta og det å gå åleine. Deltakaren er ikkje sjuk, men har opplevd tap. Er alle like redde for døden? Er det nokon som ikkje tenkjer på det?

Born er noko som fleire fryktar å misse. For korleis lev ein vidare då? Ingen har svar. Dei går vidare i programmet.

Mellom dei alvorlege samtalane er det overraskande muntert på kafeen med det dystre namnet. Dei har litt galgenhumor over det heile.


Initiativtakar og gravferdsagent Katarina Zwilgmeyer lyttar til Ingunn, som er dagens eldste deltakar, sine tankar om døden.

Dødsgod doggybag
Sjokoladekaka er dekorert med hovudskallar.

– Meir kake?

– Ja, me skal jo dø, spøkar ein deltakar.

Kaka er dødsgod.

– Kven tek doggybag? spør Zwilgmeyer.

Eg vert litt forfjamsa. Er det ferdig alt?

Men doggybag – som ein kan lese på menyen – er ikkje kakerestar.  Det er når deltakarane fortel kva dei tek med seg vidare i livet frå dagens Dødskafé.

Fleire lurer på fortsetjinga, kva tid vert det fleire dødskafear?

Initiativtakarane trur ikkje det vert siste gang, sjølv om dei ikkje har kapasitet til å ta på seg ei fast samling.

Journalisten tek med seg at Dødskafé ikkje er så mørkt og skummelt som det høyres ut som. At mange har behov for å snakke om døden, men at det fyrst og fremst handlar om livet, som må ta slutt.

Det syner seg at ein kan få mange spanande tankar ut av eit møte med framande over ei hovudskallekake.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen