Mindfulness på timeplanen?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om du ikkje tek vare på deg sjølv, kan du heller ikkje ta vare på andre. Driv ein rovdrift på eigne ressursar vil ein før eller seinare nå eit punkt der nok er nok. Seier ikkje sinnet stopp, så seier kroppen stopp, forklarar Michael de Vibe.

Han har skrive doktoravhandling om korleis mindfulness – eller nærværstrening – kan vere til hjelp for medisin- og psykologistudentar. Han meiner at studentar som skal arbeide med menneske i større grad må lære å ta vare på seg sjølv og vil ha faget «personleg utvikling» inn i utdanninga.

LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress

Risikogruppe
Tidlegare i år kom det fram at éin av fem norske studentar har psykiske plager.

Den same tendensen går att i Storbritannia, der det den siste tida har vore ei eksplosiv auke i studentar som søkjer hjelp for psykiske plager, meldte The Huffington Post i fjor.

Profesjonsstudia medisin og psykologi er spesielt krevjande studier.

– Dette er veldig flinke gutar og jenter, som er samvittigheitsfulle og stiller høge krav til seg sjølv. Dei behandler seg sjølv strengt og strekker seg langt. Me veit at dei plagene studentane får vedvarer. Ti år etter dei er ferdige skårer medisinstudentar framleis lågare på psykisk helse og livskvalitet enn før dei byrja å studere, forklarar de Vibe.

Ein norsk forskingsrapport frå 2012 synte at jo yngre medisinstudentane er, jo oftare får dei psykiske plager. Andre studier har synt at legar har betydeleg høgare sjølvmordsrisiko enn andre befolkningsgrupper.

LES OGSÅ: Det hjelper å snakka med nokon

Merkar presset
Ingvild Skølt (23) frå Hemsedal (bildet over) har nett teke til på tredje året ved medisinstudiet i Oslo. Ho kjenner godt til dei mørke tala om sine medstudentar.

– På medisinstudiet samlast dei som er vande til å vere best i klassen. Sjølv om vi har eit veldig godt miljø, er det også eit sterkt sosialt press om å prestere. Mange taklar presset veldig bra, men eg ser og veldig mange som slit, og særleg kring eksamen, seier studenten.

Ho fortel om ein kultur der terskelen for å stille spørsmål kan vere høg.

– Eg har ofte arbeidd i grupper med andre der ein tenkjer at alle kan mykje meir enn ein sjølv. Seinare syner det seg at mange stryk på eksamen. Når perfeksjonismen er så sterk, vert terskelen for å stille spørsmål og innrømme at ein ikkje veit, høg. Denne kulturen er skummel, også med tanke på når vi skal ut i jobb, meiner Skølt.

Ho har ikkje noko særleg erfaring med akkurat mindfulness, men har kjennskap til liknande metodar gjennom yoga.

– Eg handterer presset ved å jobbe mykje saman med andre. Å ha gode vener på studiet er viktig, då tør ein å stille spørsmål og syne at ein kan vere usikker. I tillegg trur eg det er veldig viktig å halde på med andre ting ved sidan av, som trening, musikk og eller andre interesser. Då står ikkje alt og fell på studiet.

Mindre stress med mindfulness
Då de Vibe sjølv studerte var legen plaga av angst og uro gjennom studiet. Etter å ha arbeidd med nærvær oppdaga han at det var til stor hjelp. Han har ein visjon om å bringe dette attende til utdanningane.

I doktorgradsprosjektet har de Vibe latt 288 medisin- og psykologistudentar i Oslo og Tromsø ta eit sjuvekerskurs i mindfulness. Treninga gav mindre stress og auka velvære, samanlikna med kontrollgruppa. I ettertid hadde studentane ein meir problemløysande meistringsstil.

Aller best effekt hadde treninga på kvinnelege studentar.

– Fråfall og sjukefråver i hjelpeyrka er veldig høgt. Mange i hjelpeyrka hopper av fordi dei ikkje orkar meir, eller vert uføretrygda, forklarar de Vibe, som meiner ein må styrke den personlege kompetansen til yrkesgrupper som skal ut i arbeidslivet og møter store utfordringar knytt til liv og død.

LES OGSÅ: Til bords med døden

Meditasjon i plenum
Arild Bjørndal er regiondirektør for BUP Helseregion Øst og Sør. Han underviser òg på medisinstudiet og har vore delaktig i prosjektet til de Vibe.

– Eg har mellom anna meditert med studentane, noko dei har vore veldig positive til, fortel professoren ved Institutt for samfunnsmedisin, som likar ideen om personleg utvikling som eige fag, som òg kjem inn på andre aspekt ved utdanninga.

Han tykkjer at det er grunn til uro når personleg utvikling er eit nesten ikkje-eksisterande moment i utdanningsinstitusjonar som tek seg av unge menneskjer. Bjørndal meiner problemet ikkje er spesielt for medisin- og psykologistudentane, men finst innan alle fagtradisjonar som utdannar folk til arbeid der dei har kontakt med menneskjer.

– Dette med personleg utvikling er ufatteleg viktig. At ein er god i faget er ikkje nok, understrekar han.

Medisinstudenten Skølt er einig i at personleg utvikling i liten grad er eit tema under utdanninga.

– Det er eit felt det ikkje er noko særleg fokus på. Eg har vore interessert i dette og har difor diskutert det mykje med studiekameratar, men i undervisninga er det i veldig liten grad eit tema, seier ho.

Samstundes er ho skeptisk til å innføre personleg utvikling som eit obligatorisk fag.

– Eg er redd det ikkje ville blitt tatt seriøst av studentane. Det er ikkje ein løyndom at mange nedprioriterer dei «mjuke» faga, som ikkje er direkte eksamensrelevante, nettopp fordi presset er høgt, seier studenten.

LES OGSÅ: Angst, angst, baby. Dumdumdum…

– Då trur eg heller at ein bør byggje vidare på dei førebyggande tiltaka som finst og utvikle eit godt tilbod. SiO har til dømes grupper som driv med merksamt nærvær allereie, men dei kan ein reklamere betre for, slik at ein fangar opp folk før dei verkeleg byrjar å slite. Det gode studentmiljøet på medisin, med mange foreiningar og interne aktivitetar, trur eg òg har ein stor verdi, som ikkje alltid vert anerkjent, seier ho.

Stressa feil
Helsepersonell som er stressa og syner teikn til utbrentheit gjer betydeleg fleire feil. I tillegg evnar dei i mindre grad å vere tilstades med pasienten på ein god måte, peikar de Vibe på.  

– Ein god fagperson treng å lære to ting: eit fag og det å bli ein person. Då er det viktig å arbeide med personleg utvikling. Det burde vore heilt sjølvsagt, meiner legen, og legg til:

– 9 av 10 klager på helsepersonell kjem ikkje på grunn av feil, men på grunn av korleis feilen vart handtert. Feil skjer og folk har stor toleranse for det, men korleis ein vert sett, møtt, høyrt og forstått er viktig.  

De Vibe ser at psykiske problem går att hjå alle studentgrupper. Han trur problema botnar i at studentane skal ut av heimen, finne sin eigen veg og etablere sitt eige liv. Då møter dei mange krav både fagleg og sosialt. Dei lurer på kva framtida vil bringe, om dei vil lukkast og klare å betale attende studiegjelda.

Personleg utvikling
Ifølgje den store tenkjaren Sokrates er kunnskap om seg sjølv nøkkelen til all kunnskap. Dette er de Vibe einig i og etterlyser meir danning inn i utdanninga. Han meiner at eit hovud fullt av kunnskap ikkje er nok.

Før i tida måtte psykologistudentane gå i terapi. Dette er ikkje lenger eit krav til profesjonsstudentane. Det tykkjer de Vibe er eit tap.

Han meiner små grupper i faget «personleg utvikling», kan gje studentar positive effektar ut over det faglege.

– På same måte som ein oppfordrar studentane til å trene fysisk og halde seg sunne, bør ein oppfordre dei til å trene mentalt. Evna til nærvær aukar dei akademiske prestasjonane, noko som ikkje er rart sidan det handlar om å vere open. Angst er det største hinderet for læring, understrekar legen.

LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen