Statsbudsjettet løyver ein milliard kroner til etterutdanning av lærarar, samt meir pengar til kommunane.

Anders Veberg

I pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet står det at regjeringa vil halda fram med den historiske satsinga på vidareutdanning av lærarar, og meir pengar blir sett av til dette. Samstundes går mykje meir pengar til kommunane. Men Elevorganisasjonen er ikkje nøgd.

LES OGSÅ: Dette er studentane sitt statsbudsjett

Ein milliard til etterutdanning
Det blir sett av ein milliard kroner til etterutdanning av lærarar, og kunnskapsdepartementet skriv i si pressemelding at dette betyr at regjeringa har tredobla satsinga på vidareutdanning i løpet av sitt første år.

– Dette er noko lærarane ønskjer og som vil gi ein betre skule for elevane. No gir me endå fleire moglegheit til å vidareutdanna seg, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Regjeringa leverer ikkje
Leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin Myrstad, er nøgd med at lærarane blir prioritert, men samstundes meiner han budsjettforslaget ikkje er godt nok. Det Myrstad reagerer sterkt på, er kutta i grunnstipendet på vidaregåande skule.

– Dei siste åra har 40 prosent av elevane på vidaregåande skule fått grunnstipendet. Det er til for støtta elever som har foreldre med dårleg råd, og som ikkje moglegheit til å støtta ungane sine. 40 prosent var veldig mykje, og ikkje ein andel me trengde, seier Myrstad.

Han meiner endringa i stipendordninga er god, men ikkje god nok.

– No ser me eit ønske om at 12 prosent av elevane skal havna under ordninga. I prinsippet er me einige i behovsprøvinga, men problemet ligg i kutta. No er det 80 millionar kroner som går til grunnstipendet, og då sparar regjeringa 400 millionar kroner på dette. Det er ei dårleg prioritering.

LES OGSÅ: Dette krevjer ungdomspartia frå Statsbudsjettet

Meir pengar til kommunane
I budsjettforslaget er det sett av 6,2 milliardar meir til kommunane, med 4,4 milliardar av desse som frie midlar. Det kan opna for ei styrking av grunnskulen, som blir finansiert på kommunenivå.

Styreleiar i Kommunesektorens organisasjon (KS), Gunn Marit Helgesen, er stornøgd med desse tala, og meiner regjeringa følgjer opp det dei lova. Likevel er det ikkje rom for storsatsing, virkar det som.

– Det meste av auken i dei såkalla frie midla er jo bestemt av nær automatiserte utgiftsauker som følgje av endringar i befolkninga. Når utgiftsauken er justert noko ned, reknar eg med det har vore fristande i budsjettdiskusjonane å redusera inntektene tilsvarande. Regjeringa skal ha ros for å ha prioritert velferdstenestene i kommunane, seier Helgesen i ei pressemelding.

Auken i frie midlar på 4,4 milliardar kroner tilsvarar ei realvekst på 1,4 prosent, ifølgje pressemeldinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I tillegg får fylkeskommunane, som finansierer vidaregåande skule, 200 millionar kroner ekstra i frie midlar.

Kommunane må prioritera
Dei ekstra kronene kan bety meir pengar til skule, men berre om kommunane og fylkeskommunane prioriterer det. Det fryktar Benjamin Myrstad i Elevorganisasjonen dei ikkje vil gjera.

– Det er alltid vanskeleg å sei korleis det vil påverka prioriteringa av skular. Kommunane prioriterer ulikt. Det me ser etter lærarstreiken er at få kommunar vil bruka dei oppsparte midla sine til skule. Det bekymrar oss, og viser at kommunane ikkje har eit ønskje om å prioritera skulane. Pengane går til andre ting.

Myrstad fryktar at for mykje press blir lagt på kommunebudsjetta.

– Det er gjennomgåande for Kunnskapsdepartementet sitt budsjett – mykje blir lagt til kommunane. Til dømes blir vidareutdanninga delfinansiert av kommunane. Om ikkje ein får eit veldig sterkt kommunebudsjett kan mykje av lovnadene falla gjennom.

– Er kommunebudsjettet sterkt nok?

– Det er vanskeleg å sei, det er opp til kvar kommune å prioritera.

LES OGSÅ: Regjeringa gir meir pengar til kommunar i vekst

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.55

LES OGSÅ

ANNONSE