Forventar at studiestøtta ikkje blir svekt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forventar at stipend ligg fast

Onsdag oppfordra ESA Noreg til å endra regelverket for tildeling av studiestøtte, slik at ungdom frå EU-land med mor eller far på jobb i Noreg skal få høve til å nyta godt av norsk studiestøtte.

Leiar i Senterungdommen, Erlind Laugsand, sa tidlegare i dag at det ikkje vil vera mogleg å halda ved lag studiefinansieringa dersom han skal gjelda heile EØS-området.

LES OGSÅ: – EØS kan kosta oss velferdsordningane våre

Norsk Studentorganisasjon (NSO) går no ut med ei pressemelding der dei legg til grunn at studiestøtta ligg fast.

– Den norske studiestøtta er det viktigste verktøyet for å sikra lik rett til utdanning. Me legg til grunn at Stortingets politikk på studiestøtta ligg fast, seier NSO-leiar Anders Kvernmo Langset.

I EØS-avtalen blir det slått fast at det ikkje er lov å forskjellsbehandle norske studentar og studentar frå resten av EØS-landa. Gjennom dagens ordning skjer det derimot ein forskjellsbehandling likevel, sidan reglane til Lånekassen skil mellom norske og ikke-norske studentar. Slik blir det blant anna stilt krav til at utanlandske studentar skal ha budd samanhengande i Noreg i minst to av dei siste fem åra.

– Dette er eit teknisk problem som krev ei teknisk løysning, seier NSO-leiaren.

– Kva meiner du med det? Og korleis kan det løysast?

– Det er teknisk problem sidan bakgrunnen er eit vedtak i ESA-domstolen, og ikkje eit politisk forslag frå Stortinget. Det gjer at det norske regelverket til Lånekassen må oppdaterast i samsvar med krava som følgjer av EØS-samarbeidet. NSO legg til grunn at politikken til Stortinget og mandatet til Lånekassa ligg fast framleis, det er det brei konsensus om, og me vil gå i dialog med Kunnskapsdepartementet for å finna gode løysingar, seier Anders Kvernmo Langset til Framtida.no.