– EØS kan koste oss velferdsordningane våre
Norske velferdsordningar vil vere umoglege å halde ved lag dersom dei skal gjelde for heile EØS-området, seier leiar Erling Laugsand i Senterungdommen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– EØS kan koste oss velferden
Onsdag bad EFTAs overvåkingsorgan ESA Noreg gjere det lettare for utlendingar frå EØS-land å søkje Statens lånekasse om støtte til utanlandsstudium
Erling Laugsand seier til Nationen at EØS-avtalen er i ferd med å undergrave norske velferdsordningar. Statsbudsjettet for 2015 må reviderast som følgje av ekstra utgifter i millionklassen etter den siste ESA-dommen og Laugsand seier han fryktar ei innstramming av norske velferdsordningar som resultat.
– Fri flyt av både folk, pengar og tenester undergrev velferdsstaten. Enten det gjeld trygdeeksport eller studiefinansiering. Det vil ikkje vere mogleg å halde ved lag det systemet dersom ordningane skal gjelde for heile EØS-området, seier han. (©NPK)