Dei merkelegaste hallusinasjonane

Desse rare vrangførestillingane syner at alt er mogleg når hjernen tek ein pause frå røynda. 

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste har nok opplevd korleis tankane somme gongar kan ta snodige vegar. Samanlikna med dei som lir av verkelege vrangførestillingar er det likevel ingenting.

Hallusinasjonar eller vrangførestillingar er oftast tilfeldige bilete eller tankar som oppstår utan hensikt. I somme tilfelle kan likevel ulike menneske oppleve dei same typane hallusinasjonar.

Framstega innan hjerneforsking har vore store dei siste tiåra, og forskarane har byrja å avdekkje årsakene til nokre av desse tilstandane. Andre held fram med å vere mysterium. Livescience.com har samla nokre av dei mest bisarre vrangførestillingane som er kjende.

Alice i Eventyrland
Dette nevrologiske syndromet er kjenneteikna av ei forvrengt oppfatning av tid og rom, ikkje så ulikt det Alice opplever i Lewis Carrols Alice i Eventyrland.

Pasientar med syndromet opplever å sjå gjenstandar eller kroppsdelar i andre formar eller som mindre eller større enn dei eigentleg er. Personane kan også oppfatte tid annleis.

LES OGSÅ: No forsvinn tannlegeskrekken

Ifølgje Livescience.com verkar det sjeldne syndromet å komme av enkelte virusinfeksjonar, epilepsi, migrene eller hjernesvulstar. Studiar har også tyda på at unormal aktivitet i delar av den visuelle corteen, som handterer informasjon om form og storleik, kan forårsake hallusinasjonar.

Faktisk har det blitt antyda at Carroll sjølv opplevde tilstanda under migrene, og at han brukte hallusinasjonane som inspirasjon til å skrive historia om Alice.

Vandrande lik
Ein annan merkverdig illusjon er ei sjeldan psykisk liding der pasientane trur dei er døde, døande eller at dei har mista sine indre organ. Illusjonen, som vert kalla COTARD-syndromet, vart først skildra i 1880 av den franske nevrologen Jules Cotard. Nevrologen skildra ei kvinne som hadde depresjon og symptom på psykose. Pasienten meinte at ho mangla hjerne og tarmar, og at ho ikkje trengte å ete. Kvinna skal ha døydd av svolt.

Andre tilfelle av COTARD-syndromet er rapportert hos menneske med eit spekter av psykiatriske og nevrologiske problem, som schizofreni, traumatisk hjerneskade og multippel sklerose.

Dei verkelege varulvane
Ein annan bisarr hallusinasjon kan oppstå hos menneske med den sjeldne psykiatriske tilstanden klinisk lykantropi. Pasientar med denne tilstanden kan tru at dei er forvandla til ulvar eller andre dyr. Dei kan oppleve sine eigne kroppar som annleis, og insistere på at dei har pels, klør og skarpe tenner som ein ulv.

LES OGSÅ: Stirer du på ein skjerm dagen lang

Det er også rapportert om tilfelle av personar som fryktar at dei skal bli hundar, grisar, froskar eller slangar.

Ein bedragar i blant oss
Personar med Capgras vranførestilling trur at personar som står dei nærme har blitt erstatta av ein bedragar. Denne illusjonen har vore rapportert hos pasientar med schizofreni, Alzheimers, Parkinsons, demens og hjerneskadar.

Studiar tyder på at tilstanden kan innebere redusert aktivitet i den delen av hjernen som handsamar informasjon om andlet og kjenslemessige reaksjonar.

Othello-syndromet, som er oppkalt etter Shakespeares kjende karakter, er ei anna merkverdig vrangførestilling. Den inneberer ei paranoid tru på at partneren er utro og personar med denne tilstanden kan oppleve sterke tvangstankar og kan syne aggresjon og vald.

Pasientar som lir av Ekbom-syndromet, er derimot overtyda om at dei er infiserte av parasittar som kryp under huda. Pasientane kan oppgi at dei opplever kløe og bitt, og somme kan skade seg sjølve i forsøk på å kvitte seg med dei førestilte parasittane. 

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg