Mållaget krev nynorskomsyn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø seier det er gledeleg at kommuneutvalet til regjeringa måndag slo fast at språkpolitiske omsyn er relevante når ein skal sjå på kommunesamanslåingar.

LES OGSÅ: Etterlyser gulrot for samanslåing

Samisk vern
Mållaget har jobba lenge for at språklege omsyn skal takast med ved eventuelle samanslåingar.

– Rapporten slår fast at ein må sjå nærmare på kva for konsekvensar ei eventuell samanslåing vil få for det samiske språket. Dette er ei høgst reell problemstilling også ved samanslåing av nynorskkommunar og bokmålskommunar, seier Tennø.

LES OGSÅ: Mållaget uroa for ny regjering

Nynorsk under press
Ho peikar på at svært mange av dei framtidige føreslegne samanslåingane går mellom bokmåls- og nynorskkommunar, eller mellom språknøytrale kommunar og nynorskkommunar.

– Nesten alle dei språkblanda samanslåingane vil skje i område der nynorsken er under press. For nynorsken er det heilt avgjerande at det blir tenkt språkpolitikk, og at samanslåingar ikkje må skje der det kan få negative konsekvensar for nynorsken, seier Tennø. (©NPK)