Etterlyser gulrot for samanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei borgarlege partia er samde om å gjennomføre ei omfattande kommunereform, men har ikkje gitt klart uttrykk for kva dei legg i dette.

– Sanner kjem til vårt område i januar, og vi jobbar for å få til eit møte, informerer ordførar Rune Hovde.

Formidable summar

På formannskapsmøtet tysdag fortalde Hovde at dei ønskjer å møte kommunalministeren for å skaffe seg kunnskap og for å kunne danne grunnlaget for ei eventuell sak i Ørsta kommunestyre. Men først må dei då ta stilling til sitt førre vedtak om å stoppe arbeidet med kommunesamanslåing med Volda.

Paul Kristian Hovden (KrF) meiner det er feil tidspunkt å starte ein ny, stor diskusjon om kommunesamanslåing på no, sidan det er såpass kort tid sidan Ørsta kommunestyre sa nei.

– Positiv til forandringar skal vi vere, men sist stranda det grunna mangel på pengar til omstilling. Vi veit det vil koste formidable summar. Eg vil oppmode om å utfordre ministeren til å vere tydeleg på kva kommunane kan forvente ut av dette.

Folkeavstemming

Ola Perry Saure (Sp) meiner ei eventuell kommunesamanslåing bør kome etter ei folkeavstemming.

Ordførar Rune Hovde meiner at det vil vere naturleg. Han trur at om Ørsta kommune finn grunnlag for å ta opp att arbeidet med kommunesamanslåing med Volda, vil det første sannsynlege tidspunktet for ei folkeavstemming vere i samband med neste kommuneval om to år.

– Viss det der vert sagt ja, er det nok nødvendig å bruke dei fire neste åra for å rigge dette til. Ein seks års horisont altså, men dette er tankar eg sjølv har kring dette.

Saknar gulrot

Petter Bjørdal (Ap) har problem med å forstå kvifor dei skal ta denne runda no. Han ser ikkje at det er noko som appellerer til å ta ein slik tung prosess.

– Ein ting er å bygge opp robuste fagmiljø, men det er jo det vi alt gjer med interkommunalt samarbeid om tenester. Her er ikkje nye ting av gulrøter som lokkar til kommunesamanslåing.

Ola Perry Saure peikar også på at ting er svært avhengig av kva som skjer med fylkeskommunen.

– Om den forsvinn er det heilt nye kort. Det må kome litt meir kjøt på beinet frå sentrale styresmakter, seier han.

Les saka i Møre-Nytt!