Lovbrot hjå ni av ti privatskular

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tillegg viser rapporten som Klassekampen har fått tilgang til, at det vart avdekt lovbrot i 60 prosent av tilfella når det gjaldt årsreknskapa til skulane.

LES OGSÅ: Fleirtal seie nei til privatskular

Lite gym og dårlege bygg
– Dette synest vi er alvorleg. I botn og grunn går det utover elevane om ikkje skulane følgjer regelverket, seier Ronny Gursli, seniorrådgjevar i tilsynsavdelinga til Utdanningsdirektoratet. Han meiner at elevane ikkje får oppfylt dei rettane dei skal ha ifølgje privatskulelova.

Totalt vart det gjennomført tilsyn hjå 104 skular, det vil seie rundt ein tredel av dei norske privatskulane. Både grunnskular og vidaregåande skular vart undersøkt.

Tilsyna viste mellom anna at elevane ikkje fekk nok gym, at skulebygga ikkje var gode nok og at kriteria for å få skuleplass var usaklege.

Rapporten om tilsyna i 2013 kjem første seinare i år, men ifølgje Gursli er det ikkje grunn til å tru at situasjonen er endra.

Rapporten frå Utdanningsdirektoratet avdekte også at mange offentlege skular ikkje oppfyller alle lovkrav.