Her er dei mest nøgde studentane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det syner dei samla tala frå Studiebarometeret, der studentane sjølv får sjansen til å seie kva dei meiner om studiekvaliteten på studiet.

– Fenomenalt, og det viser at me i fleire studium blir vurderte av studentane til å vere blant dei beste i landet, seier ein nøgd viserektor for utdanning Terje Bjelle ved høgskulen.

I toppsjiktet
Heilt i toppsjiktet ligg bachelorutdanninga i geologi, som scorar 4,7 ut av 5 moglege poeng. Dermed blir geologistudiet i Sogndal rangert over tilsvarande studium både ved NTNU og Universitetet i Oslo, og ligg godt over landssnittet for faget, som er på 4,1.

– Det er utruleg tøft at me scorar så høgt innanfor eit klassisk universitetsfag, i konkurranse med mykje større institusjonar.

Det same gjeld innan idrett, organisasjonsfag og helsefag.

LES OGSÅ:Færre stryk på små høgskular

Gode moglegheiter
– Her i Sogndal har me faget vår rett utanfor vindauga, seier geologistudenten Marianne Kjøllesdal Sundal (26) frå Eid.

Ho meiner det i tillegg er fleire faktorar som spelar inn på kvifor HiSF scorar så høgt.

– Me har mellom anna mindre klassar, eit godt klassemiljø og er tett på førelesaren.

Christine Tømmervik Kollsgård (22) frå Oslo legg til at det også har med måten faga på HISF er sett saman på.

– Her legg dei vekt både på praktisk og teori i felt.

Høgst svarprosent
Studiebarometeret vart lansert måndag 03. februar av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut). 17.600 studentar ved 58 universitet og høgskular har sagt meininga si om korleis dei opplev studiekvalitet. Ved HiSF var svarprosenten høgst i landet med 58 prosent.

Dette tolkar viserektor Bjelle som eit teikn på samvitsfulle og engasjerte studentar. Dermed finst det resultat for storparten av studia i Sogndal og Førde.

LES OGSÅ:Vestlandet vinn kampen om studentane

Stolt viserektor
– Det er så pass høge tal at me ikkje kan kosta det under teppet i alle fall, seier han, og vil bruka tala for det dei er verdt.

– Dette er den første ordentlege testen der studentane sjølv seier kva dei meiner, og spørjeundersøkinga kjem på oppdrag frå kunnskapsdepartementet. Studiebarometeret blir mest truleg ein viktig stad for studentar å orientera seg før dei vel studiestad og difor passar det veldig godt for oss å få desse resultata no.

– For ein høgskule som oss er det svært viktig å ha nøgde studentar som får kvalitet og er nøgde med det dei opplev hjå oss. Eg blir veldig glad for at me etter kvart har fått eit så godt omdøme.

LES OGSÅ:– Saknar berre sushi og mamma

Vil ha master
Geologistudenten Kristin Brandtsegg Lome (21) frå Lillehammer seier ho vil råda andre å studera ved HiSF.

– Er du interessert i friluftsliv og lei byen så er Sogndal perfekt. Her har ein alt av moglegheiter og det er lett å koma seg inn i miljøet.

Kollsgård seier at det einaste som er synd er at høgskulen ikkje tilbyr master innan geologi.

– Det er noko eg naturleg nok ville ha søkt meg inn på, seier ho.

LES SAKA I SOGN AVIS!