Viser beste og dårlegaste studiestader

For første gong blir det mogleg å sjå kva studentane sjølv meiner om kvaliteten ved dei mange studiestadene og studieprogramma rundt om i landet.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dommen til studentane

Svar frå rundt 17.600 studentar fordelt på 58 universitet og høgskular, samla i den nye nettportalen Studiebarometeret, skal gjere det lettare for kommande studentar å samanlikne studieprogramma ved lærestadene.

– Vi trur portalen vil vere til hjelp både for studentane når dei skal velje studium og i det kontinuerlege arbeidet institusjonane sjølv gjer for å forbetre studia, seier direktør i Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), Terje Mørland, til NTB.

Det er første gong det er gjennomført ei landsomfattande undersøking av korleis norske studentar opplever kvaliteten på studia. Studentane er blant anna spurte om syn på undervisninga, oppfølginga og opplevd læringsutbytte ved studieretninga dei tar.

Store forskjellar
For mange utdanningar viser tala store forskjellar mellom lærestadene i kor fornøgde studentane er. Medan for eksempel grunnskulelærarstudentane ved Høgskolen Vestfold gir utdanninga 4,5 poeng av 5 moglege, oppnår lærarutdanninga ved Høgskolen i Buskerud berre 3 poeng. Desse to studiestadene er elles slått saman til Høgskolen i Buskerud og Vestfold i etterkant av undersøkinga.

For barnehagelærarutdanninga har Rudolf Steinerhøyskolen (4,9 poeng) og Høgskolen i Oslo og Akershus (4,8 poeng) dei mest fornøgde studentane, medan Universitet i Nordland (2,2 poeng) har dei minst fornøgde.

Vidare bør den som vurderer å ta ein bachelor i historie velje seg Universitet i Bergen, medan jusstudentane bør gå for universiteta i Tromsø og Bergen framfor Oslo, skal ein følgje vurderingane til studentane.

I den nye portalen kan ein sjå resultatet for 659 av dei totalt 1.700 studieprogramma som var omfatta av undersøkinga. Dei andre programma har enten for låg svarprosent eller for få studentar til at resultata kan visast.

LES OGSÅ: Vanskeleg busituasjon gir dårleg studiekvalitet

Varslar tilsyn
Terje Mørland understrekar at resultata ikkje gir heile biletet om lærestadene.

– Her er det oppfatninga til noverande studentar om kvalitet som kjem fram, vi manglar synspunkta til både faglærarane, arbeidslivet og ferdige kandidatar, påpeiker han.

Mørland seier samtidig at han forventar at dommen til studentane blir tatt seriøst og får følgjer for prioriteringane ved lærestadene framover.

– På dei utdanningane med dårlegast tilbakemeldingar, så er det nødvendig å sjå på korleis dei faktisk legg opp undervisninga, og det forventar eg at dei kjem til å gjere, seier Mørland.

Han seier resultata i undersøkinga også vil ha betydning for kva for institusjonar NOKUT vil plukke ut for tilsyn framover.

LES OGSÅ: Her er det best å studera

Betre oppfølging
Hovudtala i undersøkinga viser at dei fleste norske studentar alt i alt er fornøgde med studia sine, særleg med læringsutbyttet og relevansen studiet har for arbeidslivet. Fleirtalet er derimot misnøgde med oppfølginga og tilbakemeldinga dei får frå lærarane, og halvparten meiner undervisninga ikkje er god nok.

– Betre oppfølging og tilbakemelding til den enkelte student var eitt av hovudmåla med Kvalitetsreforma. Tala her indikerer at det målet ikkje er nådd, fastslår Mørland.

Undersøkinga viser også at studieprogramma matematikk, nordisk, historie, barnehagelærer og sjukepleiar har dei mest fornøgde studentane, medan dei minst fornøgde går på ingeniørfaga og på grunnskulelærarutdanningane. (©NPK)