Vestlandet vinn kampen om studentane

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framleis er det mange som vil studera i dei store byane, men ferske tal frå Samordna Opptak viser at fleire studentar vil studera ved høgskulane utanfor dei store byene.

– Dette viser at institusjonane utover i landet har studietilbod som er godt tilpassa søkarane sine preferansar. Dette er ein rett og ønska utvikling, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV). 

LES OGSÅ: 6 av 10 blir buande på studiestaden

Færre vil til Oslo og Trondheim
Av universiteta i Noreg er det universiteta i Bergen, Agder, Nordland og Ås har fleire søkjarar med dette studiet som førsteval enn i fjor.

9195 studentar har Universitetet i Bergen som førstevalet sitt – ein auke på over sju prosent. Talet på søkarar på landsbasis er gått opp med éin prosent – til rekordhøge 117.200.

Ved Universitetet i Oslo er nedgangen i primærsøkjarar 2,4 prosent, medan talet har gått ned med over 5 prosent i Tromsø. Også Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Sør-Trøndelag har opplevd ein liten nedgang frå i fjor.

LES OGSÅ: 30 prosent av lærarstudentane droppar ut

Størst vekst i Sogn og Fjordane
Høgskulen i Sogn og Fjordane har 23 prosent fleire søkjarar enn i fjor. Ingen andre har hatt så stor auke i søkarar. Sidan 2008 er søkartalet meir enn dobla.

– Mest gledeleg er den store auken i tal søkjarar til lærarutdanningane våre. Medan landet samla sett har om lag like mange søkjarar til lærarutdanningane som i fjor, opplever vi ein auke på om lag 50 prosent. Me ser òg at økonomiutdanningane med eigedomsmekling i spissen aukar med meir enn 50 prosent, fortel rektor Åse Løkeland i ei pressemelding.

Elles på Vestlandet går NLA Høgskolen og høgskulane i Bergen, Molde og Ålesund fram med fleire primærsøkarar. Størst nedgang i vest har Høgskulen i Volda med ein nedgang på 20 prosent.

LES OGSÅ: Rekordmange vil bli politi

Fleire vil bli ingeniørar og lærarar
Av utdanningsområde og utdanningstypar med omkring 1000 studieplassar eller meir, er auken størst for 5-årig integrert lærarutdanning (+15 prosent) og pedagogiske fag (+10 prosent). Størst nedgang er det for barnehagelærarutdanninga (-18 prosent).

Totalt er det 7,4 prosent fleire som vil ta teknologisk utdanning i år. Sidan 2005 har teknologisk utdanning auka med 68 prosent.

– Det er gledeleg at den gode søkninga til høgare utdanning held fram. Ikkje minst er eg nøgd med at me har stor auke på realfag og teknologiske fag, og også at til søkinga til femårig lærarutdanning er størst av alle fag. Dette er område der me treng fleire med god kompetanse, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Faktaboks

Sjå søkjartala for alle lærestadene i 2013 og 2012!

Sjå andre søkjartal frå 2013 her!