– Viktig å byrja tidleg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 23.10.2017 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Arabisk inn i den norske skulen

– Det er viktig at elevar får byrja med vanskelege framandspråk tidleg. Eg byrja med arabisk etter eg var fylt 25 år og det er eigentleg litt seint, seier John Erik Sætren, som i dag underviser i arabisk ved Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Språkrådet ber om samla ordbokpolitikk

Planar om nettundervisning
Sætren har saman med Afrah Mohamed Ghalion, arabisklærar ved Stavanger katedralskule,skrive den første læreboka i arabisk som framandspråk i Norden for den vidaregåande skulen – Lær arabisk!

I tillegg skal han frå hausten av undervise arabisk ved Amalie Skram vgs i Bergen, som då vert den første vidaregåande skulen i Hordaland som tilbyr faget.

Sætren kan fortelje at dei allereie no har planar om å starte med nettundervisning, slik at fleire hordalandselevar kan ta arabisk som privatist. Dette tilbodet ser han for seg at kan vere på plass skuleåret 2015/2016.

Med det kan snart ungdom i distrikta få tilbod om arabisk, som først vert tilgjengeleg for byungdommen.

LES OGSÅ: Vil ha kinesisk på vidaregåande

Lite storspråk
Arabisk har lenge vore eit populært fag ved norske universitet, men på vidaregåande er det berre Stavanger katedralskule og Bjørnholt ungdoms- og vidaregåande skule i Oslo som har tilbodet. I Stavanger har dei hatt tilbod om arabisk sidan 2010 som eit prøveprosjekt i samarbeid med Fremmedspråksenteret. Sidan då har 39 elevar teke faget på VG2 og 21 har fortsett på VG3.

– Me opplever at arabisk som framandspråk i den norske skulen absolutt har livets rett, seier Nils Andreas Høie, fagansvarleg for framandspråk ved Stavanger katedralskule.

I tillegg er det ein del elevar, særleg i Oslo, som tek arabisk som privatistar.

Likevel, talet på elevar som tek arabisk på vidaregåande er svært lite samanlikna med dei nære framandspråka – tysk, fransk og spansk.

Arabisk er eit stort språk i verda, men eit lite i norsk skule.

Skuleåret 2012/2013 var det om lag 250 elevar på norske vidaregåande skular som lærte arabisk, koreansk eller kinesisk. Desse vert ofte kalla fjerne framandspråk. Det er under ein prosent av alle elevane som vel språkfag.

LES OGSÅ: – IKT har redda kinesisk

Klasseromsundervisning
No vonar Sætren at fleire vil kome til universitetet med grunnleggjande arabisk i lomma.

– Me har sjølvsagt lyst på studentar som har bakgrunnskunnskap i arabisk. På mange måtar er skulen betre rusta enn universitetet til å gjennomføre grunnopplæring i språk. Kompetansemåla i skulen er meir praktisk orienterte og ein klasseromssituasjon opnar for meir interaksjon og leik, meiner Sætren.

Om nokre år kan det vere at Sætren får mange dyktige arabiskelevar på universitetsførelesningar. For i Oslo startar dei første ungdomsskuleelevane i Noreg med arabisk på skulane Hauketo og Lofsrud.

Diffuse mål
Sætren fortel at arabisk som eit ungt fag i norsk skule har mange utfordringar.

– Me har mellom anna dei same læreplanmåla i alle framandspråk. Det betyr at ein i teorien har dei same måla for fransk og arabisk. Korleis desse måla skal konkretiserast kan vere litt diffust, og det kan vere vanskeleg å vete kva framgang ein kan forvente i dei ulike språka.

Dette er ei utfordring arabisk deler med mellom anna kinesisk og japansk, andre framandspråk som er relativt nye i Noreg.

Kvalitetslærarar
Lærarutdanning er ei anna utfordring dei fjerne framandspråka deler.

Det finnast eigne utdanningsløp for lærarar i spansk, fransk og engelsk. For som lærar er det ikkje nok å ha språket på plass, ein må òg ha på plass læreverktyet – didaktikken.

– Det er viktig å få på plass lærarutdanningar for dei fjerne framandspråka, slik at ein får kvalitetssikra lærarkreftene. Det er mange som har arabisk som morsmål, men det betyr ikkje automatisk at ein kan undervise i det som framandspråk, seier Sætren.

Faktaboks

Arabisk

• Morsmål til om lag 300 millionar i arabiske statar

• Religiøst fellesskap for rundt 1,3 mrd muslimar verda over

• Skrivast frå venstre mot høgre

• Alfabetet har 28 teikn

Kjelde: Fremmedspråksenteret