Kinesisk på vidaregåande
Dette føreslår leiar i Framstegspartiest Ungdom i Sogn og Fjordane, Marius Reiakvam.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Reikvam er 4.-kandidat til Stortinget for Frp, og ønskjer at kinesisk skal bli eit valfag på vidaregåande i fylket.
LES OGSÅ: Lær kinesisk i Bergen
Viktig for marknaden
– Det vert viktigare og viktigare at me har folk som meistrar det kinesiske språket, dersom me skal hevda oss i marknadskampen, seier han i ei pressemelding
Reiakvam understrekar at Kina er verdas raskast veksande økonomi, og etterspør meir og meir varer, blant anna norsk fisk. Han meiner difor at folk i Sogn og Fjordane skal få velja å læra kinesisk.
Fleire skular i Møre og Romsdal og Sandnes kommune har allereie byrja å tilby språket som ein del av undervisninga.
LES OGSÅ: Studerer kinesisk i Beijing
– Ungdomane i dag er dei som skal sikra verdiskaping og handel om ikkje veldig mange år, og då må me gjera oss i stand til å kunne kommunisera med dei som ver våre viktigaste handelspartnarar, seier Reiakvam.
Kva tenkjer du om forslaget? Er det på tide at fleire får læra kinesisk i Noreg?