Her er årets ord

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

NRK-konsept årets nyord

Det er berre nokre veker sidan kring to millionar nordmenn var innom og såg sjakk-VM på NRK. I fjor keik 1,3 millionar innom «Telemarkskanalen minutt for minutt» og for nokre år sidan såg 2, 9 millionar «Bergensbanen minutt for minutt».

Språkrådet er dermed sikre i si sak ­– sakte-tv er årets ord.

Kreativ og populært
– Ordet er kreativt og viser til eit fenomen som mange fjernsynssjåarar dei siste åra har late seg begeistre av, heiter det på Språkrådet sine heimesider.

«Nasjonal vedkveld»«Nasjonal strikkekveld» og «Hurtigruta minutt for minutt» er fleire døme på sakte-tv.

– Sakte-tv var eit eit ord vi merka oss tidleg. Det er kreativt og lett å forstå. Ordet har fått fotfeste i språket, seier seniorrådgjevar i Språkrådet, Ole Våge, til NPK. 

Han trekkjer også fram at sakte-tv er eit ord som har vorte eksportert. 

– Medan vi vanlegvis får eit tilfang av importerte ord, er dette eit ord som er blitt eksportert, og ei programform som vekkjer oppsikt i utlandet. Mange meiner sakte-tv er ein motreaksjon på stresset i kvardagslivet, seier Våge.

LES OGSÅ: – Me har ikkje noko fullverdig språk

Teknologi, val, og media
Teknologi, valet og media er noko av det som har sett spor i språket i år. På topp ti-lista har Språkrådet mellom anna inkludert eit ord som skildrar ein ny type uro. Rekkeviddeangst er frykta for at elbilen skal gå tom for batteri før ein rekk fram til ein ladestasjon.

Også ord som gråbloggar, bitcoin og betalingsmur er blant orda som Språkrådet løftar fram frå 2013. Gråbloggar er bloggar som tek føre seg dei grå og kjedelege sidene ved livet, i motsetning til dei roseraude rosabloggane. Bitcoin er ein ny valuta, som berre finst på datamaskiner og er knytt til handel på nettet. Betalingsmur syner til at stadig fleire aviser krev betaling for å gi tilgang til nettartiklar.

I tillegg har juryen inkludert å avfølge, som skildrar at det er like lett å avslutte kontakt som det er å oppnå kontakt med andre på nett. Samstundes er det ikkje alt det uønska som er like lett å kvitte seg med. Netthat er eit nyord som stadig fleire bruker for å skildre sjikane og mobbing på nett.

Blå-blå er eit ord som har blitt brukt svært ofte for å skildre den nye regjeringa, og speglar ein tendens til å omtale partisamarbeid gjennom fargekombinasjonar.

LES OGSÅ: Å etablere eit språk med andre menneske

Klima og Youtube-suksess
Også klimadebatten og Youtube-suksessen «The Fox» har avla nye ord i 2013.

Ordet karbonboble er klimadebatten sin representant på lista, og peikar på at økonomisk vekst basert på fossile energikjelder før eller seinare vil sprekke.

Og til sist har også reven sett sitt spor i språket, slik den har prega både media og musikkverda i året som har gått. Revelyd er ifølgje Språkrådet eit av fleire nye reveord som har kome i kjølvatnet av komikarduoen Ylvis sin norske og internasjonale suksess.

– Vi er ikkje sikre på kor lenge dette ordet kjem til å verte brukt, men gjennom suksessen Ylvis hadde med viedoen om kva reven seier, har ordet sett preg på året, seier Våge i Språkrådet til NPK.

Kåringa av årets ord er eit samarbeid mellom Språkrådet og Gisle Andersen, som er nyordsforskar ved Norges handelshøgskole. I kåringa har dei gjort nytte av verkty som fangar opp nye ord i alle dei store riksavisene. 

LES OGSÅ: – Språkåret har levd sitt eige liv

Faktaboks

Årets nyord:

• 1: sakte-TV

•  2: rekkeviddeangst

•  3: gråblogg

•  4: bitcoin

•  5: blå-blå

•  6: betalingsmur

•  7: avfølge

•  8: karbonboble

•  9: netthat

•  10: revelyd

Kjelde: Språkrådet