– Språkåret har levd sitt eige liv

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan sommaren i fjor har Inger Johanne Sæterbakk arbeidd som prosjektleiar i Språkåret 2013. På fredag var den offisielle avslutninga med tittelen «Året som aldri sluttar». Med full storm på Sunnmøre og kansellering frå fleire artistar var det eitt av dei mest utfordrande arrangementa.

LES OGSÅ: Språkåret som ikkje ville ende

Eit levande år
Over 1000 språkarrangement har funne stad over heile landet i 2013. Det har vore jubileumsforestillingar på Det norske teatret, bursdagsfeiring for Ivar Aasen, seminar, konkurransar og bokutgjeving. I året som romma 200-årsjubileet for nynorskens far og 150-årsjubileet for Det norske teatret har språkleg mangfald vore eit viktig stikkord.

– Det som har vore kjekt er at språkåret har levd litt sitt eige liv. Me har stadig sett arrangement i lokalaviser rundt om, som me ikkje har sett i gang, fortel prosjektleiaren begeistra.

– Problemet med slike år er gjerne at dei vert for sentralstyrte. Det er i alle fall mi erfaring som publikummar.

Les fleire saker om Språkåret her!

Ynskjer fleire visste om det
Særleg mot slutten av året kom det fleire arrangement. Det passar godt med resultata frå spørjeundersøkinga Språkåret 2013 har bestilt for å evaluere jubileet. I desember 2012 visste berre 22 prosent av dei spurte at 2013 var språkåret, medan talet var nesten dobla ved språkårets slutt. Likevel, det er under halvparten av Noregs folk.

– Sjølvsagt skulle eg ynskje at enda fleire hadde høyrd om det, medgjev Sæterbakk.

Ho trur likevel at tala fortel heile sanninga.

– Me har vore meir oppteken av saka enn å profilera merkevaren, difor er det kanskje fleire som har vore på arrangementa, trur ho.

Les fleire språksaker her!

Når enden er god
Før Sæterbakk starta som prosjektleiar hadde allereie forprosjektet til språkåret gått i eitt år. Likevel har  ho merka at det ikkje har vore lett å rekkje over alt. Eitt halvt år er mindre planleggingstid enn ein skulle tru. Utstillingar og ulike samarbeidsavtalar har vist seg å måtte planleggjast god tid i førevegen. Men sjølv om prosjektleiaren skulle sett enda fleire planar ut i livet trur ho det har vore eit vellukka språkår.

Sæterbakk fortel om fine tal og tilbakemeldingar frå publikum. No står berre sluttrapporten att, men leiaren er trygg på at dei held seg innafor budsjettet på 6,5 millionar.

Særleg avslutningsfesten vart ein eksamen på kva dei hadde lært av å hanskast med uforutsette hendingar i løpet av året. Den testen bestod dei, som henta inn ny artist og fekk opp ein Skype-konsert.

Men sjølv om enden vart god, er det ikkje alle arrangement som har vore så krevjande.

Internasjonal språksmak
Prosjektleiaren trekk fram «Smaken av språk» på Bergen offentlege bibliotek som det enkeltarrangementet som har vore mest vellukka på den måten at det har synt kva jubileumsåret handlar om. Folk med andre morsmål enn norsk, mellom anna Leo og U-landslaget, stilte opp og sat på postar for å lære vekk språk.

– Det var ein fin måte og synleggjere språkmangfaldet i Bergen, og synte at fleirspråklegheit er ein ressurs. Det traff både bestemødre, asylsøkjarar og ungdom som til vanleg sit og spelar data på biblioteket, fortel Sæterbakk.

Arrangementet vart kopiert av fleire andre bibliotek, men prosjektleiaren sjølv har ikkje vore til stades under alt som har hendt på språkfronten det siste året.

Dialekthjarta
Som leiar for det heile har Inger Johanne Sæterbakk fått eit unikt innblikk i dei ulike språkmiljøa og det politiske aspektet ved språk.

– Me har på sett og vis drive ein interesseorganisasjon for språk.

Dei har brukt ein del ressursar på å hanke inn arrangement til kalenderen sin på nettsidene sine. Utanom det har mykje informasjon gått føre seg via sosiale medier.

Sæterbakk har sett korleis språk og særleg dialektar vekkjer kjensler. Ho trekk fram NRK-serien Dialektriket som eit døme.

– Alle er oppteken av dialekt. Det er det som ligg nærast hjarta deira. Skriftspråk er ofte meir ein reiskap, meiner Sæterbakk.

Bokmålsmisnøye
Men ein organisasjon har kjent seg litt forbigått i året som gjekk. Riksmålsforbundet meiner at året i for stor grad har vorte eit nynorskår. Sæterbakk er ikkje einig i at Riksmålsforbundet har fått for lite plass.

– Det handlar om å gje plass og å ta plass, meiner prosjektleiaren.

Då dei skulle finne ein dedikert bokmålsbrukar som ville stille opp i eit magasin, var det ikkje berre enkelt. Til slutt fann dei ei som arbeidde som omsettar.

Sæterbakk fortel at det var fleire som stod parat til å arrangere ting mellom nynorskbrukarane.

– Mange nynorskbrukarar har teke eit bevisst val rundt målforma si. Det same gjeld kanskje ikkje for alle bokmålsbrukarar, trur Sæterbakk.

Sjølv har ho nynorsk som hovudmål, men har gjeve ut ein roman på bokmål.

Språkirritasjon
Prosjektleiaren sjølv skulle gjerne hatt eit betre samarbeid med fleire minoritetsspråkmiljø, som til dømes kvensk og teiknspråk.

– Dei er i den situasjonen at mange ikkje veit om dei. Det hadde difor vore ei fin mogelegheit til å profilere seg, meiner Sæterbakk, som har roa seg med at dei ikkje kunne rekkje over alt.

Ein ting ho ikkje har roa seg heilt på dette året, er språk. For prosjektleiaren for Språkåret 2013 kan berre tysk, bokmål og nynorsk.

– Eg har vorte irritert fordi eg ikkje kan fleire språk, fortel Sæterbakk, som ikkje veit kva ho skal gjere etter Språkåret. Då vert det kanskje tid til å lære eit nytt språk, eller å arbeide meir med språk i praksis.

Faktaboks

Norske haldningar til språk

• Des 2012: 22 prosent visste om Språkåret

•  Des 2013: 39 prosent visste om Språkåret

•  48 prosent er heilt eller delvis einige i jamstillinga mellom målformene (46 prosent i 2012)

•  45 prosent er heilt eller delvis ueinige i jamstillinga mellom målformene

•  32 prosent likar dårleg at Noreg vert meir fleirspråkleg (37 prosent i fjor)

Kjelde: Språkåret