Lokalavisa Salangen-Nyheter tilbyr nyheiter på dari. Det har vore lærerikt for nyheitsanker Ramin Heidari (19).

mm
Faktaboks

Dari:
• Det lokale namnet på ein variasjon av persisk snakka i Afghanistan
• Det største språket i Afghanistan, vanleg i nord, vest og i Kabul i aust.
• Liknar farsi, som er iransk persisk.

Sjekk ut nyheitene på dari her!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er vanskeleg å lære norsk, men jobben hjelper meg å verte flinkare både skriftleg og munnleg, fortel Ramin Heidari (19) frå Afghanistan.

LES OGSÅ: – Bør nytte morsmålet i norskopplæringa

Ingen skulegong
Som 15-åring kom Ramin til Noreg og fekk plass på Sjøvegan statlege mottak i Salangen. Han hadde ingen skulegang frå Iran, der han er oppvaksen. No tek han norskopplæring og freistar å byrje på vidaregåande til neste år, kanskje på IKT-linja.

I tillegg arbeider han sju timar i veka som prosjektleiar for nyheiter på dari. Han er både omsetjar og nyheitsopplesar, med sveisen og dressen på plass.

– Eg ser at det har hatt mykje å seie for hans sjølvbilete, seier redaktør i Salangen-Nyheter Jon Henrik Larsen, og legg til:

– Det er ein heilt ny måte å tenkje integrering på , som ikkje har vore vanleg i Noreg før. Det er heilt klart at fleire burde hatt eit slikt tilbod.

LES OGSÅ: Språkmangfaldet dobla i skulen

Truga nyheiter
Det er no i overkant  av eit år sidan eigar og redaktøren i Salangen-Nyheter presenterte prosjektet for Ramin Heidari, som då ikkje hadde noko erfaring med media.

– At me fann Ramin er litt tilfeldig, hen er ein kjekk kar som kan prate for seg. Det er han som er nyheiter på dari, skryt Larsen

Nyheiter på dari har i år fått 150.000 i støtte frå Troms fylkeskommune og kan difor lønne prosjektleiar Heidari. Planen er å søkje fleire midlar frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi) via Salangen kommune.

– Nyheitene er litt truga, fordi Ramin ikkje har fått endeleg avklaring på asylsøknaden sin, forklarer Larsen.

LES OGSÅ: Folk på bygda overvurderer innvandringa

Regjeringsrepresentant og Al Jazeera
Nyheiter på dari har i snitt mellom 3000 og 4000 sjåarar, til samanlikning har Salangen kommune rundt 2200 innbyggjarar. Men redaktør Larsen kan melde om sterke lesartal òg for dei norske nyheitene deira. Rundt 8000 personar les den lokale nettavisa dagleg.

Til ei kvar tid bur det rundt 30 afghanarar på Sjøvegan asylmottak, så mange av sjåarane kjem frå andre stader. Ifølgje SSB er det no over 12.000 afghanske innvandrarar og born av to foreldre med afghansk opphav i Noreg. Det er nesten dobbelt så mange som ved tusenårsskiftet.

– Me har registrert sjåarar både i Iran og Afghanistan, fortel Larsen.

Merksemda internasjonalt vil nok ikkje verte mindre framover, Al Jazeera har meldt si interesse for å lage ein reportasje om nyheitene og Larsen kan fortelje at ein representant for den afghanske regjeringa planlegg eit besøk i november.

Ikkje mange nettaviser på storleik med Salangen-Nyheter kan vise til nyheiter på tre språk, i tillegg til dari har avisa samiske nyheiter i Siellaga-Oddasat.

Salangen, som er ein gamal sjøsamisk kommune, er i dag ein del av det samiske forvaltningsområdet.

LES OGSÅ: Lang veg til demokrati i Afghanistan

Mot straumen
Mottaksleiar ved Sjøvegan, Howard Cameron Davis, rosar nyheiter på dari opp i skyene.

– Det er utruleg fint at ei bedrift tek seg tida til å inkludere dari-talande og gje dei ein god start på arbeidslivet, meiner Davis.

Han brukar å informere dei afghanske bebuarane om tilbodet og har fått tilbakemeldingar om at det vert brukt. Davis meiner at det å ha tilgang på nyheiter på sitt eige språk er særleg viktig for innvandrarar som ikkje bur i byar med ein moské, der dei får både nyheiter og diskusjon.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Satsinga på minoritetar og språk er litt motstrøms i ei tid der NRK legg ned minoritetsprogrammet Migrapolis.

– Det er litt rart at dei som er ein statskanal legg ned, medan me her oppe får det til, kommenterer Larsen, og legg til:

– Men så er eg som eigar autist og hundre prosent ufør, så kanskje eg har litt meir ressursar til å få det til.

Redaktør i Salangen-Nyheter Jon Henrik Larsen og nyheitsanker Ramin Heidari (19). Foto: Salangen-Nyheter.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE