Lang veg til demokrati

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Korleis er den politiske situasjonen i Afghanistan akkurat no?

– Oppsummert er han ganske uoversiktleg. Mange spør seg om kven som kjem til å ta over etter presidenten Hamid Karzai etter valet til neste år. Den etniske gruppa av pashtunarar, som utgjer cirka 35 til 40 prosent av den afghanske folkesetnaden, ynskjer seg ein pashtunsk president, men fryktar at det kjem to pashtunske kandidatar som saman ikkje får fleirtal, slik at ein ikkje-pashtunsk kandidat får presidentembetet. I tillegg er det usikkert om ein i det heile kan avhalde valet med tanke på den spente situasjonen i landet. Likevel såg vi at valet i Pakistan gjekk som planlagt trass i at det var nokre drap i samband med valet.

LES OGSÅ: Oppdrag: mislukka

Kva kan ein seie om president Karzai?

– Han har bidrege til å halde landet saman og stått opp mot amerikanarane. På den måten har han stått for ein nasjonalisme, men vonde tunger hevdar at det berre er eit spel for galleriet. Han vart jo brakt til makta av utanlandske styrkar. Han framstår som ein slags samlande konge, meir enn ein politisk president. Eg trur han vil det beste for landet sitt, trass alt.

Kva for eit regime har Afghanistan i dag? Kan ein seie at det er eit demokrati?

– Eg vil vel kalle det for eit hybridregime. Problemet er at den utøvande makta har vorte prioritert, medan parlamentet har enda opp med å bli tidvis overkøyrt. Det har medført at lovar har vorte sett ut i livet utan godkjenninga til parlamentet. I tillegg har det vore korrupsjonsklager mot nokre parlamentarikarar, som ikkje akkurat har gjort det enklare å styrkja rolla til parlamentet.

LES OGSÅ: – Vil visa kjekk kvardag i Kabul

Har demokratiet i det heile støtte hos folket?

– Som i mange asiatiske land er det ganske vanleg med eit patron-klient-tilhøve mellom politikarar og vanlege folk, der politikarane sikrar seg stemmer gjennom å gje mat eller andre tenester til dei som får stemme. Elles har det vore nokre som har uttrykt at dei kunne tenkt seg ein sterk leiar, altså ein diktator, som kunne fått ting gjort. Samstundes har intellektuelle, spesielt i urbane strøk, uttrykt misnøye med det vestlege «stammesynet» på Afghanistan, og sagt at det må vere lov for dei å ha ambisjonar der òg.

Kva har skjedd etter at dei internasjonale styrkane byrja uttrekkinga?

– Det varierer veldig frå provins til provins. I Faryab-provinsen har det gått av skaftet i det siste, med daglege trefningar. Spørsmålet er om dette er noko som berre skjer i ein overgangsperiode, eller om det vil vedvare. Det er vanskeleg å seie på dette tidspunktet. Akkurat no er det mykje som skjer med tanke på valet til neste år, men eg trur at på lang sikt vil det vere rett å trekkje seg ut av Afghanistan. Det er viktig at afghanarane sjølv avgjer kva som skal skje framover.

LES OGSÅ: Gjennom mørke linser

Kor har det vorte av Taliban i alt myldret?

– Sidan Taliban sat med styringa i 2001, har dei i kvart fall vorte svekt sidan den gongen. Det er vanskeleg å skilje kva som er Taliban og kva som er lokal mafiaverksemd. Dersom ein viktig makthavar blir drepe i eit sjølvmordsangrep er sannsynet stor for at det skuldast ein lokal maktkamp, og at det ikkje er Taliban som står bak.

Korleis står det til med rettane til kvinnene i Afghanistan?

– Det kjem an på kvar ein er i Afghanistan, men generelt er det mykje som har skjedd sidan 2001. Likevel er det framleis slik at kvinner ute på landsbygdene er avhengige av løyve frå mannen for å kunne gå ut av døra. Ein kan ikkje tenkja seg at kjønn blir ein viktig del av valkampen. Det er framleis ikkje nokon valvinnar.

Les saka i Studvest!

Faktaboks

 

Torunn Wimpelmann
• Forskar ved Christian Michelsens Institutt (CMI).
• Har studert utviklingsstudier i London.
• Har gjort feltarbeid i både Afghanistan, Liberia og Sierra Leone.
• Har blant anna bidrege til ei bok om rettane til kvinner i Afghanistan.

AFGHANISTAN
• NRK sender for tida dokumentaren «EXIT Afghanistan» om tilbaketrekkinga av styrkar frå landet.
• Det har vore internasjonale styrkar i Afghanistan sidan 2001.
• Taliban, som styrte landa inntil 2001, har no trekt seg tilbake.
• Noverande president, Hamid Karzai, er den første valde presidenten i Afghanistan.
• Til neste år skal etterfølgjaren hans veljast.

Les fleire saker om Afghanistan her!