Språkmangfaldet dobla i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Totalt kan skulen telje seg fram til 14 ulike nasjonalitetar fordelte på 44 elevar av skulens elevmasse på 288 elevar; Polen, Romania, Litauen, Afghanistan, Nepal, Palestina, Kosovo, Thailand, Eritrea, Zambia, Tyskland, Dominikanske Republikk, Etiopia og Rawanda.

Nytt liv i Noreg
Skulen speglar utviklinga i lokalsamfunnet som har fått mange arbeidsinnvandrarar gjennom vekst i næringslivet og fleire flyktningar dei siste åra. I sjuande klasse er sju av 29 elevar framandspråklege.

Afghanske Nisar Ghorbani, kom til Ølen i 2010 saman med faren og to brør, og er klassas solstråle. Han trivst så godt i Noreg at han ikkje klarer å slutte å smile.

— Eg hadde god hjelp i faren min, som er så flink i norsk. Eg trong nesten ikkje kurs eingong. Det einaste som er dumt med Ølen, er vêret. Men eg taklar det altså, seier Nisar, som spelar mykje fotball på fritida saman med kameratane.

Tiandeklassingen Karolis Damulys (15) kjem frå Litauen. Far til Karolis jobba og budde i Ølen i 3 år før sonen og resten av familien kom etter for 2,5 år sidan.

— Grammatikken i norsk har vore det verste. Det første halvåret var litt vanskeleg, men etterpå synest eg det har gått greitt. Eg klarar meg godt på skulen og trivst veldig godt, seier han og meiner at skulen i Noreg er betre enn i Litauen.

Bestevenninner uansett
Suk Maya Tamang (12) kom med familien sin frå Nepal i 2010. Sjølv om ho ikkje kunne norsk, tok ikkje lange tida før ho hadde funne seg ei ny bestevenninne i klassekameraten Ragnhild Lien.

— Det var litt vanskeleg å kommunisere først. Begge to kunne litt engelsk, og så var me så heldige at Suk Maya sine syskenbarn her på skulen tolka litt for oss, fortel Ragnhild.

— Å lære norsk var litt vanskeleg. Men då eg begynte å skjøna meg på det, gjekk det lettare og lettare. Eg synest det er lettare å skrive enn å snakke norsk, seier Suk Maya. Ho har gått i velkomstklassa i Sandeid saman med andre framandspråklege elever frå heile Vindafjord to dagar i veka i to år for å få særskilt norskopplæring.

LES OGSÅ: – Språket er slottet vårt

Språkopplæring i to år
Dei aller yngste elevane, 1. – 4. klasse, får styrkinga i norsk ved sin eigen skule, men blir tatt ut av den ordinære undervisinga. Opplegget varer i opp til to år. Målet er at elevane skal lære seg såpass norsk at dei får utbytte av undervisinga i si klasse. Frå kommande skuleår flytter innføringsklassa i Sandeid til nytt lokale ved Ølen skule.

I tillegg finst det eit snevert tilbod til framandspråklege om morsmålundervising etter skuletid. I Ølen er det ei gruppe for kosovoalbanarane og i Skjold ei gruppe for polakkane to timar i veka. Målet med gruppene er faktisk ikkje å halde på morsmålet, forklarar rektor ved Ølen skule, Leiv Karsten Medhaug.

— I desse gruppene får dei forklart dei norske vekeplanane til klassa og hjelp til å lære seg pensum. Målet er at gruppa skal hjelpe dei med å kunne følgje med i den vanlege undervisninga, seier rektoren, som gjerne skulle ha sett at det hadde vore fleire slike grupper. Men det er ei utfordring å få tak i lærarar som kan dei ulike språka, ikkje minst fordi det er snakk om veldig små stillingar.

LES OGSÅ: Tjukkare med dårleg norsk

Tolkar for lærarane
Suk Maya har blitt god i norsk, og no kjem hennar tospråklege kompetanse klassa til gode. Sidan før jul har ho nemleg hjelpt lærarane sine, Georg Opsal og Silje T. Øren, som tolk då Bishal Wagle frå Nepal starta i klassa. Dette er lærarane veldig takksamme for, då det ikkje er lett å følgje opp den nye eleven då det førebels ikkje eksisterer eit felles språk mellom dei. Bishal har med andre ord flaks som kan støtte seg på Sukmaya.

Dei to lærarane legg ikkje skjul på at dei er plaga med dårleg samvit ovanfor elevane som manglar nok norsk språkkunnskapar til å kunne hengje med i undervisninga.

— Det er frustrerande for oss at me ikkje kan følgje dei opp på lik linje med dei andre elevane. Det tar tid før dei har inne omgrepa som gjer at dei forstår samanhengen i undervisinga, seier Øren.

— Dess yngre dei er når dei byrjar på norsk skule, dess betre. Særleg for elevane på ungdomsskulen kjennest det litt urettferdig at lærarane må vurdere dei på same måte som dei andre elevane og sette karakter etter eit halvt år. Også for oss utgjer dette eit dilemma. Det er få ferske ungdomsskuleelevar med framandspråkleg som kan vise til særleg gode karakterar, men heldigvis finnest det også nokre solskinshistorier, seier Opsal.

QUIZ: Kva veit du om innvandring?

Viktig sosialisering
— Men det må jo følast ganske bortkasta for ein elev å berre sitje i klasserommet dag etter dag utan å forstå noko av det som skjer?

— Ja, fram til dei finn ut av det norske språket trur eg det er ganske frustrerande for dei. Men samtidig er det viktig at dei likevel er i klasserommet og ein del av miljøet, både for sosialiseringa og utviklinga av kvardagsnorsken sin del, svarar ho og meiner det ideelle hadde vore at desse elevane hadde hatt med seg ein eigen tolk i klasserommet dei første månadane.

— Det trur me kunne ha løyst mykje. Det er ikkje reint lite ungane skal sette seg i når dei blir konfrontert med ny eit nytt språk, nytt land, ny skule og ny klasse. Det ville ha vore overveldande for ein kvar, og det kunne ein eigen tolk ha letta på inntil ting hadde kome meir på plass, trur lærarane, som understrekar at dei framandspråklege gjer klassemiljøet rikare og betre.

— Me legg merke til at dei tilfører klassemiljøet mykje positivt. Elevane blir meir inkluderande og aksepterande, og så lærer dei mykje om andre kulturar, seier Øren.

LES SAKA I GRANNAR!