– Studentar er enkle å lyge til
Sveinung Rotevatn meiner norske studentar er haldne for narr av regjeringa i spørsmålet om 11 månaders studiestøtte. Norsk studentorganisasjon meiner dei har brote lovnaden om heiltidsstudenten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Aldri tidligare har norske studentar hatt mindre i studiestøtte i forhold til grunnbeløpet i folketrygda(G), som no er på 85.245 kr. Med 94.400 kr i basisstøtte komande skuleår, utgjer støtta til studentane 1,1 G, ifylgje Dine Penger. Til samanlikning er folketrygdas minstepensjon på 170.496 kr, altså 2G.
Norsk studentorganisasjon(NSO) vil auke studiestøtta til 1,5G, 127.867 kr.
– Regjeringa har lova at det skal vera mogeleg å vera student på heiltid. Det har ikkje studentar høve til i dag, noko som går utover gjennomføring og studiekvalitet, seier NSO-leiar Ola Magnussen Rydje til Framtida.no
Han viser til Soria Moria 2, der det står at: Alle skal ha lik rett til utdanning, og det skal være mulig å studere på heltid.
LES OGSÅ: Slik får du tak i hybel
Ikkje øl og moteklede
Magnussen Rydje meiner også nivået på studiestøtta går utover livskvaliteten.
– Som studentar skal vi leve også. Nokre går til åtak på norske studentar, og meiner vi er luksusdyr som brukar pengane på moteklede og øl. Dette er heilt feil. 6 av 10 jobbar i studieåret, medan 9 av 10 jobbar i løpet av heile året. Undersøkingar syner òg at studentar brukar mindre pengar på alkohol enn andre grupper. Nesten alt av studielånet går til basisutgifter, forklarar han.
Etter Statens institutt for forbruksforsking sine standardbudsjett, er minimumsforbruket estimert til 7340 kr for kvinner mellom 20 og 50 år, og 7570 kr for menn. Dette inkluderer ikkje utgifter til å bu.
På sikt trur NSO-leiaren nivået på støtte også kan gå utover studentmiljøet.
– Noko av sjela i studentlivet er å jobbe frivillig, drive med politikk eller vera aktiv på studentersamfunnet. Når ein må bruke denne tida på å jobbe for å få det til å gå rundt, kan det gå utover studentmiljøet.
LES OGSÅ: Mange jobbar ved siden av studia
"Alle" vil 11-månaders studiestøtte
I tillegg til å auke studiestøtta, ynskjer NSO 11-månaders studiefinansiering.
– Vi får ingen støtte i juni, jamvel om mange har eksamen då. Derfor må mange studentar jobbe heile eksamensperioden for å få råd til å betale husleiga. Dette er noko alle regjeringspartia gjekk til val på, men som ikkje har vorte innfridd, seier Ola Magnussen Rydje.
Ei gjennomgang holderdeord.no har gjort av partiprogramma, syner at alle partia på Stortinget, bortsett frå Framstegspartiet, lova å innføre 11-månaders studiefinansiering ved valet i 2009. Partiet stemte derimot for utviding, saman med KrF og Venstre, i samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2013. Berre KrF og Venstre har stemt for utviding alle gongane saka har vore handsama inneverande stortingsperiode.
Haldne for narr
– Norske studentar er haldne for narr av regjeringa. Dei gjekk til val på auka studiestøtte, men forhandla seg vekk frå det med seg sjølve. Eg møter stadig studentar som føler seg apatiske, som har fått heilt tydelege løfte, alle har vore samde og så har ingenting skjedd, seier leiar i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn til Framtida.no.
Han meiner det er viktig å innføre 11-månaders studiefinansiering, noko som vil gje studentane 10 prosent meir enn dei har i dag.
– Dagens studiestøtteordning er laga for ei anna tid, der studentane hadde lenger feriar. No har ein gjerne eksamen langt ute i juni. Når siste utbetaling er i midten av mai og fyrste lønn frå sumarjobben kjem i juli, må mange studentar leve på makaroni og ketchup i juni.
LES OGSÅ: Fleire tener for mykje til å få stipend
Enkle å lyge til
Rotevatn peikar også på at Venstre var det einaste partiet som fann plass til 11-månaders studiefinansiering i sitt alternative budsjett, og at saka vert ei viktig prioritering for partiet i tida som kjem.
Han karakteriserer det at så mange parti har gått til val på utviding av studiestøtta, for så å fråvike det på stortinget, som ein absurd situasjon.
– Noko som gjer at dette er vanskeleg, er at ein er student i eit kort tidsrom. Dei som stemte på regjeringspartia i 2009 er kanskje ferdige no, og har andre tema dei er opptekne av som samferdsel eller fleire barnehageplassar. Slik er studentar ei enkel gruppe å lyge til.
Kostar mykje
I programmet til SV framom førre stortingsval heitte det at: I denne stortingsperioden vil SV prioritere å utvide studiesøtte til å gjelde for 11 månader.
– Vi skulle ynskje det hadde kome på plass, svarar SU-leiar Andreas Halse på spørsmålet om han er skuffa over eiga regjering. Han meiner forklaringa på kvifor det ikkje har skjedd, er todelt.
– For det fyrste kostar det mykje, og med å halde på det tidligare skattenivået har regjeringa hatt avgrensa handlingsrom. No går vi i SV til val på å innføre finansskatt, som vil gje ni milliardar meir å bruke. For det andre har studentane sjølve prioritert studentbustadar, seier han. Og viser til at bygging av fleire studentbustadar har vore fyrsteprioritet i møte mellom NSO og Kunnskapsdepartementet.
LES OGSÅ: EU-dom kan gi norsk studiestøtte til utlendingar
Ikkje i lomma til Olav Thon
Halse meiner det er mykje viktigare å auke studiefinansieringa som heile, enn at den vert fordelt over fleire månader. I programmet til SV framom det komande stortingsvalet ynskjer dei å starte opptrapping av studiefinansieringa til 1,5 G, og innføre lønnsjustering av studiefinansieringa.
– Dette er ei betre prioritering enn fordeling over fleire månader. Denne regjeringa har indeksregulert studiefinansieringa, men det skulle sjølvsagt vore gjort endå meir, seier han. Samstundes meiner SU-leiaren det er problematisk at studiestøtta vert ete opp av bu-utgifter, og at noko må gjerast med bustadmarknaden.
– Det er sinnsjukt dyrt å bu. Same kort mykje vi aukar beløpet, monnar det ikkje om det går rett i lomma til Olav Thon. Derfor må vi tyne spekulantane på bustadmarknaden, avsluttar Andreas Halse.