Slik får du tak i hybel

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 11.08.2018 22:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire tusen studentar leitar etter hybel til hausten. Berre i Trondheim er det over 7000 studentar i kø for å få seg studentbustad. Etterspurnaden er større enn det som er annonsert.

hybel.no er det måndag 1123 bustader til leige. På Finn.no er det 1385 ledige hyblar eller rom i bufellesskap. På rubrikk.no har dei samla 2616 annonser på ledige leilegheiter til leige for opp til 6000 kroner i månaden.

I tillegg til desse stadene, kan det vera lurt å ta turen innom universitetet eller høgskulen der du bur. Ofte kan det henga lappar og plakatar med utlysingar av ledige rom i bufellesskap her og på kafear i nærleiken.

Bruk også Facebook og nettverket ditt til å spørja om råd. Kanskje har foreldra dine eller tanta di ein kollega med ein hybel som hadde vore perfekt?

Det kan også vera lurt å leita utanfor dei største pressområda. Og du kan søkja opp selskap som leiger ut hyblar.

Krise? Her finst råd
Det går også an å tenkja alternativt. Prisen for eit rom på ein vandrarheim treng ikkje vera noko dyrare enn ein hybel. Og viss du får deg ein helgejobb der, så kan du kanskje koma endå betre ut.

Og er du heilt i beit for stad å bu, er det mange studiestader som leiger ut madrassar. I Bergen går det an å få ei madrass på sovesalen ved Hatleberg studentboliger for 200 kroner per påbyrja veke.

LES OGSÅ:Når gode råd er billegge

– Ikkje bli lurt
Bergenstudenten kjem med desse råda til studentar som ikkje vil bli lurt på bustadmarknaden:

• Ha is i magen. Du kan bu på sofa hjå vener eller på madrass hjå Studentskipnaden dei fyrste vekene – då vert det uansett ikkje mykje søv.

• Leig aldri usett. Får nokon du kjenner til å gå på visning for deg.

• Finn fleire å bu saman med og lag eit kollektiv. Då betaler du gjerne litt mindre. I Bergen kan du til dømes redusere leia frå kring 4500-5000 kroner til 4000 kroner på denne måten.

• Bruk standardkontrakt med gjensidig oppseiing på tre månader.

Hjå Forbrukerrådet  finn du standardkontrakt og andre nyttige tips for deg som skal leige bustad.

Leieboerforeningen har også fleire tips.

LES OGSÅ: Sextrakassert på bustadjakt

Studentbustader

Oslo
Det er ingen ledige studentbustader. Det er ingen frist for å søkje, men fortløpande opptak. Her søkjer du bustad i Oslo.

Tromsø
Unge studentar under 23 år og utanlandske studentar vert prioritert. Her søkjer du bustad i Tromsø.

Treng du hjelp og råd til å finne bustad i Tromsø, kan du få dette gratis hjå bolighjelpa.

Trondheim
I Trondheim er det ikkje mogleg å få plass frå skulestart. Men det lønar seg å setje seg på venteliste, det gjer du her.

Treng du bustadhjelp kan du kontakte Samarbeidsprosjektet hjå Studentskipnaden.

Stavanger
Her
 kan du setje deg på venteliste i Stavanger. På nettsidene til samskipnaden kan du òg finne eit bustadtorg for private bustadar.

LES OGSÅ: Vanskeleg busitasjon går dårleg studiekvalitet

Har du tips og råd til korleis ein kan få seg ein stad å bu? Del dei i kommentarfeltet!

Faktaboks

Marknadsprisar for hyblar:
Oslo: 4962 kr (+2,6%)
Bergen: 4379 kr (1,4 %)
Trondheim: 4568 kr (+7,6%)

Gjennomsnittprisar for hyblar og rom i kollektiv siste kvartal, samanlikna med tilsvarande periode i fjor.