Dyr er over alt rundt oss, i fleire former enn før, som kjæledyr, på barne-tv, eller i reklamer. Likevel er dei i ferd med å forsvinne, meiner retorikar Kristian Bjørkdahl.

Faktaboks

I Språkåret 2013 set Framtida.no søkelys på det politiske i språket. Gjennom ei rekkje artiklar vil vi ta føre oss ulike sider ved språkleg makt.


LES FAKTALUKK FAKTA

 Bjørkdahl, som like før helga skreiv ein kronikk om dyreetikk på NRK Ytring, har tidlegare samanlikna kokebøker frå 50-talet med dei av i dag. Han er tydeleg på at vi omtalar sjølve dyra på ein annan måte samanlikna med tidlegare.

– Vi bruker mindre plass på å omtale kjøtet før det vert "kjøt". Då tenker eg på slikt som alder og kjønn på dyret, slakting, flåing og transport, forklarar han.

Ein ingrediens, ikkje eit dyr
I matbutikken, og i oppskrifter, er koplinga mellom sjølve dyret og den innpakka maten blitt kraftig tona ned.

– Viss ein ser på kokebøker frå 50-talet og i dag, så snakkar vi i dag om dyret i andre termar, meir som ein ingrediens. I gamle kokebøker vert dyret skildra som det er, som musklar, vev, sener og innmat, noko som får oss til å tenke på ein fysisk kropp i langt større grad, forklarer han.

– I dagens omtale av kjøt står det i staden noko slikt som at "kjøt er næringsrik og sunn mat som kan nyttast til alle høve".

Kvifor trur du denne utviklinga har skjedd?

– Vi driv landbruk på ein annan måte enn før, og har eit system som handsamar dyr meir som ting. Eit resultat av det er at tilgangen til animalske produkt blir høgare og jamnare. Eg trur ikkje vi orkar å tenke på at kjøtet stammar frå denne prosessen.

Ordet "kjøt" har altså blitt mindre og mindre brukt, meiner Bjørkdahl, som ser denne språklege rørsla i samband med ei aukande, folkeleg uro om kvar "familiedeiga" i røynda kjem frå.

– At ein utelukkande snakkar om mat, og ikkje kjøt, bidreg til å ufarleggjere denne næringa i møte med ei meir generell uro folk har til til å ete kjøt, meiner han.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Fragmentert
Bjørkdahl meiner vi i dag er nøydde til å forhalde oss til dyra på ulike og motstridande måtar, og at vi tek språket til hjelp for å unngå å hamne i eit etisk dilemma.

– Vi vert heile tida minna på kor fragmenterte funksjonar dyr kan ha i liva våre: både som underhalding, mat eller familemedlem samstundes.

– Eg trur ein får trong til å dekke til visse ting som skrik i medvitet, som ein pragmatisk strategi. Når vi lagar middag tenker vi difor berre på kjøtet, og ikkje på dyret. Og når middagen er ferdig, leikar vi med familiens hund.

Menneska bruker språket til å skildre verda, men på kva måte har språket makt til å endre ho, viss målet er å oppnå betre vilkår for dyr i landbruket?

– Vi kan gjere visse scenarier meir eller mindre attraktive ved å bruke språket. Kva som er sant, viktig, akutt og ønskeleg når det gjeld dyrevelferd får du ikkje aktualisert viss ikkje du retter merksemda mot språket, meiner Bjørkdahl.

LES OGSÅ: – Me et for lite innmat

– Å skape handlingsrom
Som retorikar er det kanskje naturleg for deg å ha tiltru til krafta i språket. Men nokre ville kanskje hevde at det er fåfengt å tru at språket kan ha slik påverknadskraft?

– I retorikken bruker ein å seie at med språk skaper vi handlingsrom. Med språket rettar vi merksemd mot visse ting, gjer visse ting nærverande, aktuelle, verkelege, og sannsynlege, seier Bjørkdahl, som nett er ferdig med ei doktorgrad i retorikk og sit i rådet for dyreetikk.

Han er klar på at måten vi sidestiller dyr som mat på, er med på fjerne oss frå viktige spørsmål om dyrevelferd.

– Det språket også gjer, er å ramme inn fenomen. Når ein gir ein organisasjon som heiter Mattilsynet også ansvar for dyrehald, så er det eit retorisk grep som sidestiller dyr med mat, og signaliserer at dyr er til for å brukast, seier han, og legg til:

– Det samme fenomenet ser ein når Opplysningskontoret for egg og kjøt blir omdøypt til Matprat.

LES OGSÅ: Då Dag vart dagens

– Ikkje redeleg
Trur du forfattarane av kokebøker og nettstader for opplysningskontor bruker språket på ein medviten måte til å skjule denne avstanden mellom kjøtdeigen i frysedisken og det levande dyret på garden?

– Ja, absolutt. Ikkje alt er like medvite, men eg trur desse aktørane veit kva språkbruk som skal til for å nå ut til forbrukaren på ein måte som sel kjøt. Folk er ikkje så interessert i å sjå korleis det faktisk står til med landbruket, trur Bjørkdahl.

For nokon vil det verke rart at du hevdar at dyra forsvinn meir og meir frå liva våre, sett i lys av at vi som samfunn aldri har ete meir kjøt enn vi gjer i dag?

– Ja, for på ein måte forsvinn jo dyra ikkje i det heile tatt. Det er berre iein forstand at dyret er på veg ut av medvitet, nemlig den relasjonen vi har til dyra i ein næringssamanheng. Det er nok difor vi driv og skjønnmalar situasjonen, og at Tine i reklamer retter merksemda utelukkande mot kyr som står på beite, og ikkje viser alt det andre.

–Det er så einsidig at det ikkje er heilt redeleg.

LES OGSÅ: – Forbrukarane nyttar ikkje makta si

– For stor tillit til styresmakta

Har vi som forbrukarar noko makt til å trenge igjennom språkbruken, sjå røynda som ho er, og påverke produsentar eller politikarar?

– Undersøkingar viser dessverre at norske forbrukarar ikkje er gode til å utøve slik makt, og at vi her til lands har ein tendens til å tenke at det apparatet vi har til å sørgje for at maten er trygg er det beste i verda. Ein stor EU-studie viser at forbrukarar i andre land er meir kritiske når ein handlar mat enn i Noreg.

– Vi stolar at styresmaktene skal rydde opp. Slik kan vi forstå den manglande viljen vår til å handle økologisk også. Vi er fanga i at vi stoler på at maten er trygg nok.

Trass i ei solid tiltru til at språk er makt, er Bjørkdahl likevel ikkje optimistisk på vegne av landbruket og dyrevelferda. Han meiner situasjonen har kome i forlenginga av at samfunnet og industrien har utvikla seg, noko informasjonstilgong i seg sjølv ikkje vil kunne reversere.

– Vi kan få betre informasjon, noko som kan bidra litt som brannslokking, men folk kjem truleg ikkje til å kome noko nærare inn på matproduksjonen og landbruket i framtida enn vi er i dag, spår han.

LES OGSÅ: Forskar på sosiale nettverk hos kyr

– Hemmande konsensus i landbruket
I tillegg til å synleggjere makta som ligg i språket, ved å påpeike feilinformasjon og skrive kronikkar i NRK, vil Bjørkdahl heve kanonane til nivået ovanfor.

– Marknadsføringa er så slu at det er viktig å lyssetje problemet. Men for å endre dei djupare strukturane må vi gjere meir enn å berre skrive i avisa. Vi må jobbe med lovverket, og gå inn i politikken. Sett vekk frå Småbrukarlaget, er det ein nesten einerådande konsensus om nærast alt i landbrukspolitikken.

I dyrevelferdslova står det at "dyr har eigenverdi". Kva meiner du som retorikar om dette ordvalet?

– Formuleringa er for vag og filosofisk til at ein kan omsetje ordet "eigenverdi" i praksis. Då vil eg heller seie at andre formuleringar i lova er vanskelegare for bøndene å omgå, nemleg paragrafen om at dyr skal få uttrykke "naturleg" åtferd og få uttrykke sine "artsspesfikke og individuelle behov".

– Dette burde det vere lett å setje opp mot vanleg praksis, og bruke lova.

Men kvifor finst desse formuleringane i lova når dette i mange situasjonar ikkje får følgjer?

– Ja, det er jo det store spørsmålet, innleiar Bjørkdahl.

– Lovene som dei står er fine tekstar i seg sjølv, og då dei vart innført, var jo Noreg leiande på området. Men i samband med lanseringa av lova vart det samstundes sagt at den ikkje skulle tolkast slik at landbruksnæringa skulle endrast vesentleg frå slik den var, held han fram, med tre virtuelle punktum hengande på slep etter setninga.

Kvifor er det slik?

– Det handlar om bøndene si sjølvforståing: Dei føler seg som ein hoggestabbe og eit offer, at dei ikkje blir sett pris på. At lovverket ikkje vert halde opp mot praksisen i landbruket kan skuldast ei utbreidd haldning om at bøndene ikkje kan belastast med enda høgare krav om dyrevelferd.

– Då seier ein på same tid at vi har verdas beste dyrevelferd frå før, og at det difor ikkje er eit poeng i å endre den. Kva var poenget med den nye lova då, spør Bjørkdahl.  

– Det vitnar om ei forståing av at landbrukspolitikken ei verd for seg sjølv,  som ikkje går an å røyve.

– Vi har skyve dyret ut av kjøtet, og der trur eg at det forblir, avsluttar Bjørkdahl.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.45

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE