– For lite innmat i nye kokebøker

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For lite innmat i nye kokebøker

Kristian Bjørkdahl jobbar som retorikar ved Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo. Han er overtydd om at dyr er i ferd med å forsvinne frå liva våre, og meiner å kunne påvise at vi sidan 1950-talet har fått ei gradvis meir svekka bevisstheit om at kjøt og meieriprodukt stammar frå levande dyr.

– Vi har ei sviktande evne å ta inn over oss at vi forårsakar dyrs død ved å ete kjøtet deira, konkluderar han.

– Innmat er ut
Du kan sjå dyr overalt rundt deg, på tv, i reklamar eller som leikedyr og bamsar. Likevel  – eller kanskje nettopp på grunn av dette – er det feil å gå ut frå at dyr ikkje forsvinn frå liva våre, når det gjeld korleis vi tenker om mat. Det meiner forskar Bjørkdahl, som i helga haldt ei innleiing på Dyreetikkonferansen i Oslo i regi av Minding Animals Norge, Rådet for dyreetikk og Senter for utvikling og miljø ved UiO.

Bjørkdahls argumentasjon tek utgangspunkt i at nesten ingen lenger ser på innmat som noko anna enn ekkel fattigmannskost. Ein skal berre få tiår attende før dette var normal føde.

– Å ete kjøtet til eit levande dyr har blitt stadig vanskelegare for urbane kontorrotter som meg, forklarar han.

– I dag forheld vi oss til dyr som noko anna enn mat, dyr er noko meir intimt, slik som eit kjæledyr. Innmaten er jo den mest dyriske delen av dyra. Organa til dyra er like våre eigne, og minner oss difor om at maten har vore eit dyr, seier Bjørkdahl.

LES OGSÅ: Finn maten sin i boset

Samfunnsendringar
Ein grunn til at koplinga mellom dyr og mat har kunne bli svekka, er at samfunnet har endra seg mykje sidan 50-talet:

– Vi lev meir oppstykka liv no enn før, og dyrs funksjonar har mindre å gjere med kvarandre enn før. Når ein ikkje ser dyra til kvardags, forsvinn dei frå bevisstheita, forklarar Bjørkdahl.

– Dette skuldast ei intensivering av landbruket. Vi har blitt rikare, og dette fører til at vi ikkje lenger et innmat, men indrefiletar. Tilsløringa er eit resultat av industriell kjøtproduksjon, som foregår langt frå folk og i stor skala, seier han.

LES OGSÅ: –Forbrukarane nyttar ikkje makta si

– Dyra forsvinn
Bjørkdahl samanlikna framstillinga av dyr i Gyldendals store kokebok frå 1955 og 2002. Her var det tydelege skilnader i korleis ein avbilda og omtalte dyr.

Medan det var naturleg for den eldste kokeboka å vise fram bilete av blodige slaktedyr og innmat, var det ingen slike bilete i den nye utgåva – eller i nye kokebøker generelt.

Retorikaren meiner dette er viser korleis den framandgjeringa som har skjedd mellom forbrukar, mat og levande dyr skjer.

– Mange kokebøker av i dag har ingen andre ting enn ingrediensliste og salt og peppar. Ein kallar dyra "storfe", men sjølve dyra forsvinn. Ein ser heller bilete av ferdigprodukt, kyllingfilet og kjøtdeigklumpar, forklarar han.

LES OGSÅ: Uroa over kjøtkvalitet

Etisk trend?
Bjørkdahl dreg fram reklameverksemda til TINE og den offentlege nettportalen matprat.no som typiske døme på korleis forskjønninga av tilhøvet mellom dyr og mat skjer i praksis.

Han meiner ein kan spore ein trend, ei utvikling som kan tilseie at det blir meir og meir problematisk for nye generasjonar moralsk bevisste nordmenn å ete noko som har vore eit levande individ.

– Dei fleste nordmenn synest ikkje lenger at innmat er mat. Blir det neste steget at dyr i seg sjølv ikkje lenger er mat, spør retorikaren.

LES OGSÅ: Forskar på sosiale nettverk hos kyr

Brukar ikkje "skitne" dyr i reklame
I paneldebatten som følgde, svarte Direktør i TINE, Johnny Ødegård, på spørsmål om TINE si rolle rundt det å fjerne forbrukaren frå realitetane i norsk landbruk.

Ødegård var oppteken av å leggje vekt på at TINE si mjølkereklame var reklame.

– Til reklamen vel vi ikkje ut skitne dyr, og gir ikkje ei balansert framstilling. Det må forståast som reklame, sa ein ærleg Ødegård.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

TINE fekk tidlegare i år mykje pes frå mellom anna kjendisdyrlege Anne Viken, som meinte at mjølkereklamene deira mala eit finare bilete av verkelegheita og at dei innehaldt faktafeil.

På dyreetikkonferansen vedkjente Ødegård at reklamar teiknar eit ubalansert bilete av mjølkekyr sin kvardag, men la vekt på at det òg var meininga at dette skulle ha ein positiv effekt på bonden si vektlegging av kvalitet og dyrevelferd.

– Reklamene signaliserer også til bonden om kva krav som stillast, avslutta TINE-direktøren.
 
LES OGSÅ: Høgre vil avgrense makta til TINE