– Ingen har vondt av å flytte på seg

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokka av god økonomi

– Nedbetaling av studielån var ingen grunn til å flytte nordover, men er sjølvsagt ein stor bonus. Det viktigaste var nok at eg er herifrå. Eg ynskte å kome nærare familien, fortel lærar Ingeborg Seppola Tubez. Ho kjem frå Måsøy kommune i Finnmark, men valde å flytte til fylkets største by Alta, for snart to år sidan.

Nedskriving av studielån, mindre skatt og meir barnetrygd, er berre nokre av dei økonomiske fordelane ved å bu i Finnmark. Saman med sju kommunar i Nord-Troms inngår fylket i ei statleg tiltakssone. Evalueringane syner at tiltaka verkar, og at fleire vert buande lenger enn dei elles ville gjort.

LES OGSÅ: Yngstemann mot straumen

Ikkje skummelt
– Sjølv om Trondheim var heilt fantastisk, er det godt å sleppe 45 minutt med buss til skulen, trafikk og lange handlekøar. Så er det enkelt tilgang til naturen, og det er fint å kunne bruke både sjøen og fjellet, seier Ingeborg.

Sjølv gjekk ho på vidaregåande i Alta og mannen hennar kjem frå byen – dei visste kva dei gjekk til. Men før dei flytte, spurte dei seg sjølve om ting kunne ha forandra seg. Det hadde dei ikkje, og folka var dei same. For Ingeborg var det ikkje skummelt å flytte, berre gjævt.

– Einaste overraskinga var kor vanskeleg det var å få fast jobb som lærar. Til no har eg berre hatt årsvikariat.

Stabiliserande effekt
Forskar ved Norut (Northern Research Institute) Ivar Lie, peikar på at fleire evalueringar av dei økonomiske insentiva i tiltakssona syner at dei verkar. Samstundes veit ein ikkje korleis situasjonen ville vore utan.

– Ordningane har hatt ein stabiliserande effekt, med at folk bur i området lenger enn dei elles ville gjort. Spesielt verkar dei på nyutdanna, som er nett dei ordningane rettar seg mot, og som kan nytte seg av både nedbetaling av studielån, lågare inntektsskatt og høgare barnetrygd, forklarar han.

– Insentiva er ikkje nok åleine, men for folk som vurderar Finnmark opp mot andre stader kan dei vera det som gjer at pendelen svingar.

LES OGSÅ: – Unge har liten stayerevne

Tilknyting
Ingeborg trur flyttinga har vore lettare enn den ville vore utan tilknyting, og at det å ha vener og familie i området har vore viktig.

Evalueringane syner også at folk med tilknyting er meir stabile enn folk utan tilknyting. Det kjem mellom anna fram i forskingsrapporten: Tiltakssonen for Finnmark og Nord-Troms – utviklingstrekk og gjennomgang av virkemidlene, som kom ut i fjor. Blant dei som budde i tiltakssona i 2000 og som ikkje budde der ved fylte 15 år, hadde 16 prosent flytta etter eit år, 40 prosent etter fem år, og heile 50 prosent etter ti år.  

Større stader
For Ingeborg var Alta eit meir naturleg val enn Måsøy med sine om lag 1250 innbyggjarar, mellom anna på grunn av arbeidsmarknaden og det breie kulturtilbodet. Også her er hennar val samanfallande med statistikkane.

Alta og dei seinare åra Hammerfest, som er dei to største byane i fylket, har hatt vekst i folketalet. I mindre kystkommunar har folketalet gått kraftig ned, medan innlandskommunane har hatt ein saktare og meir beskjeden tilbakegang, ifylgje den nemnde Norut-rapporten.

– Større stader har størst bustabilitet, noko som har samanheng med arbeidsmarknaden og at det er fleire høve til å få nytta utdanninga si. Det kan også verte lettare for begge å finne relevant jobb, dersom ein er eit par. På mindre stader treng dei gjerne lærarar og folk i administrasjonen, og her ser ein større gjennomstrøyming. På ei anna side kan mindre stader vera attraktive med at ein får meir ansvar fort, og at det er lettare å stige i gradane, forklarar forskar Ivar Lie.

LES OGSÅ: Bygdeoptimisten

Andre perspektiv
Nokre ser kanskje føre seg fin natur, men lange avstandar, mørketid og kulde når dei tenkjer på Finnmark. Men Ingeborg oppmodar alle til å prøve fylket.

– Det er litt større avstandar, 7 timar å køyre til Kirkenes lengst aust i fylket og over eit døgn til Oslo, men ein venner seg til det.

Mørketida er heller ikkje noko problem. Det handlar om å ikkje tenkje for mykje på det.

– Vi går ikkje i dvale. Ein må berre ha litt meir guts i den perioden, gjere ting og velje å ikkje fokusere på det. Når det kjem kulde, kan ein sur Oslo-dag kjennast like kald.

– Her kan du nyte midnattssola og ha skiløype rett utanfor døra. Å få betalt ned studielånet må også vera ein grei grunn. Ingen har vondt av å flytte på seg og få andre perspektiv, avsluttar ho.

LES OGSÅ: Vil oppretta fond for unge

Faktaboks

 TILTAKSSONA

Etablert av Stortinget i 1990. Omfattar Finnmark, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa, Kvænanger, Karlsøy, Lyngen og Storfjord i Nord-Troms.

Nedskriving av studielån: Inntil 10% av det opphavlege beløpet, maks 25.000 kr. per år.

Lågare skatt: Finnmarskfrådraget for alminneleg inntekt (15.000 i skatteklasse 1 og 30.000 i klasse 2), 3,5% lågare fellesskatt til staten og lågare toppskatt.

Meir barnetrygd: 3.840 pr. barn pr. år.

Fritak for el-avgift på forbruk.

Inntil 100.000 meir i husbanklån per bustad, og høve til lån for utbetring og vedlikehald utan behovsprøving for hus eldre enn 10 år.