Et insekt, redd planeten

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kunne du tenkje deg å byte ut kylling med grashopper, eller biff med biller? FN er ikkje framand for tanken.

FNs mat- og jordbruksorganisasjon (FAO) har gjort ei omfattande undersøkinga av insekt sine noverande og framtidige potensielle bruksområde som mat for folk og fe, melder LiveScience.

Mat til ei veksande verd
– Det er brei semje om at verda vil huse 9 millionar menneske innan 2050. For å handtere veksten, må den noverande matproduksjonen omtrent doblast. Vi må finne nye måtar å dyrke mat på, heiter det i rapporten  “Edible Insect: Future Prospects for Food and Feed Security”.

Sjølv om ideen er ny i den vestlege delen av verda, er insekt ifølgje FN-rapporten ein sentral del av dietten til kring to millionar menneske allereie. Deriblant finn ein biller i tropiske regionar, larvar i Japan og grashopper i Mexico.

LES OGSÅ: – Helvete sel ikkje

Å ete insekt har til og med sitt eige namn – entomofagi. Og ifølgje Louis Sorkin, ein entomolog ved det naturhistoriske museum i New York og førekjempar for insekteting, er det blitt meir akseptert å putte insekt i middagen, også i Vesten.

Miljøvenleg og næringsrikt
Ifølgje FN-rapporten er der fleire føremoner ved å inkludere insekt i dietten. Mellom anna skal det vere meir miljøvenleg å ete insekt enn kjøt. Insekt er ikkje varmblodige, som kylling, svin og fe. Dermed kan dei omdanne sin eigen mat til kroppsmasse meir effektivt enn tradisjonelle husdyr, fordi dei ikkje bruker energi på å halde seg sjølv varme. I staden går energien til å vekse.

I tillegg tek insekt opp liten plass, dei kan oppsedast på avfall, og forsking tyder på at dei slepp ut færre drivhusgassar enn tradisjonelle husdyr, ifølgje rapporten.

Insekt kan dessutan vere rike på næringsstoff, og innehalde mykje feitt, protein, vitamin, fiber og mineral, sjølv om næringsinnhaldet varierer mellom artane.

LES OGSÅ: Svolt rokkar din politiske ståstad

Energibar av grashopper
Dersom du finn tanken på å ete insekt fråstøytande er du ikkje åleine.

– Dei fleste likar sannsynlegvis ikkje å ete insekt nettopp fordi dei ser ut som insekt. Men om ein steikjer, tørkar og knuser dei til pulver, ville fleire ha ete insekt, meiner Sorkin.

Selskapet Chapul har allereie teke denne tilnærminga, og kan freiste med energibarer laga av sirissar.

Menneska er ikkje dei einaste som kanskje må førebu seg på å ete meir insekt. Forskarar arbeider med å undersøke bruk av protein frå insekt til å mate oppdrettsfisk og kylling, ifølgje FN-rapporten.

LES OGSÅ: – 130.000 har fått kols på jobb