– Verdas største utfordring

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

32,4 millionar menneske vart i 2012 fordrivne på grunn av klima- og naturkatastrofar. Det syner rapportar frå Flyktninghjelpen. Samstundes reknar organisasjonen med at dette talet berre vil stige i åra som kjem.

Stigninga har både bakgrunn i klimaendringar og at folketala og busetjingstala aukar mest i område som er sterkt utsett for naturkatastrofar. I tillegg gjer hurtig urbanisering og bygging av usikre bustadar av dårleg standard at folk i desse områda vert svært sårbare om katastrofen skulle råke. 

For trass i at stormar og ekstrem-vêr treffer oss alle, er det likevel ikkje slik at klimaendringane får like stor konsekvensar over alt: 98 prosent av dei som vert fordrivne som følgje av miljø- og naturkatastrofar, bur i utviklingsland.

LES MEIR: Over 45 millionar flyktningar i verda

Noreg må ta større klimaansvar
Både Grøn Ungdom og Changemaker meiner at Noreg bør ta større ansvar for klimautfordringar og klimaflyktningar, ikkje minst fordi vi er ein stor oljenasjon og dermed bidreg til klimaendringane.

– Klima- og miljøendringar driv menneske på flukt, spreier sjukdommar og skaper svolt, og er ei av dei største utfordringane verda står overfor i dag, seier leiar i Changemaker, Ingrid Aas Borge.

Til kamp for klimarettferd
Organisasjonen hennar, Changemaker, som er ungdomsorganisasjonen til KirkensNødhjelp, arbeider med klimarettferd. For Changemaker meiner at det er svært urettvist forhold mellom dei som skapar klimaproblema, og dei som må handtere dei.

– Klimaendringane eit stort urettferdsproblem. Rike land har størstedelen av ansvaret for klimautsleppa, medan det er verdas fattige som opplever konsekvensane sterkast. Dette fordi dei ofte lever i område som er spesielt utsett, lever direkte av naturressursar, og ikkje har det tryggleiksnettet som vi har i rike land.

LES MEIR: Her er dei beste klimapartia

Frå oljeeksport til fornybar revolusjon
Det er sjølvsagt her Noreg kjem inn. Ettersom olje er Noregs største eksportartikkel, meiner Borge og Changemaker at vi har eit særskilt ansvar, både ovanfor dei som er klimaflyktningar i dag, og for å førebygge at fleire blir det.

– Noreg har eit spesielt ansvar som ein stor olje- og gasseksportør, og vi bør gjere meir enn det vi gjer i dag. Vi bør gå føre i klimaavtaleforhandlingane med konkrete løfte om meir pengar til fattige land for å sikre at dei kan tilpasse seg klimaendringane. Vi bør sikre meir teknologioverføring til fattige land, slik at det er mogleg å utvikle seg på ein meir miljøvenleg måte enn det vi har gjort. Og vi bør vise verda at ein fornybar revolusjon er mogleg!

Vern av klimaflyktningane
Hallvard Surlien, talsperson i Grøn ungdom, meiner som Borge at Noreg bør ta større ansvar for klimaendringar og klimaflyktningar.

–Vi tykkjer det er viktig at det vert sett fokus på det aukande talet på klimaflyktningar, og at klimaendringar driv millionar av menneske på flukt allereie i dag. Vi må diskutere korleis vi kan gje desse menneska best mogleg hjelp og vern.

Som Borge er Surlien oppteken av rettferda i klimaspørsmålet, og han meiner at Noreg bør ta eit større ansvar som eit av landa som bidreg til klimaendringar. Som ein del av dette meiner han at statusen til dei som vert fordrivne må betrast.

– Det er på tide at klimaflyktningar får vern gjennom Flyktningekonvensjonen til FN. I det heile må Noreg førebu seg på å ta i mot langt fleire klimaflyktningar i åra som kjem. Dette er både rimeleg og rettvist, ikkje minst fordi vi sjølv har bidrege til å skape klimaproblem, seier han. 

LES MEIR: Unge har blitt meir opptatt av klimaet

Må setje menneska først
Surlien understrekar at Grøn Ungdom ønskjer ein meir human og rettferdig flyktningpolitikk for alle flyktningane, ikkje berre klimaflyktningane. Dei meiner at sjølve måten vi tenkjer og snakkar om flyktningar i den politiske samtalen bør endrast.

–I staden for å diskutere korleis vi kan føre ein streng nok innvandringspolitikk, bør vi heller diskutere korleis vi kan hjelpe det aukande talet av flyktningar i verda i dag. I dagens innvandringspolitikk ser vi i alt for stor grad på menneske som problem. Vi må byrje å setje menneske først, og sjå på korleis vi kan hjelpe dei som har det vanskeleg, meiner han.

Bli klimafadder – adopter ein politikar!
Attende i Changemaker er Borge oppteken av at folk kan gjere mykje for arbeide for klima- og klimaflyktningane. Ikkje minst gjennom å stadig minne politikarane på situasjonen til klimaflyktningane, og Noreg sitt ansvar i miljøsaka.

Dei er oppteken av å nytte humor i sine kampanjar, noko som vert illustrert mellom anna i fadderkampen deira.

–Vi skjønar at politikarar synest dette er vanskeleg, og spesielt når det nærmar seg valkamp. Så vi har ein kampanje på gang for å minne politikarane våre på dei viktige klimaspørsmåla – der folk kan bli klimafadderar og få adoptere ein politikar! Sjekk det ut her, om de er interessert, seier ho. 

–Vi trur dette kan vere ei artig påminning for våre folkevalte.

LES MEIR: – Helvete sel ikkje