– Her er dei beste klimapartia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Miljøpartiet Dei Grøne er kåra til det beste klimapartiet av alliansen Klimavalg 2013, framfor både SV, Venstre og Raudt.

– Dette stadfestar at me vil gjera ein viktig forskjell for norsk politikk. For oss er dette ei vitamininnsprøyting framfor valkampen, seier tidlegare WWF-leiar Rasmus Hansson, som er toppkandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Oslo.

Partiet er det einaste som oppnår høgaste karakter etter at alliansen har evaluert politikken partia går til val på. Venstre og SV får karakteren seks minus.

Framstegspartiet, Høgre og Arbeidarpartiet får dårlegast klimakarakterar.

Klimapolitisk talsmann i Høgre, Nikolai Astrup, seier til Vårt Land at klimarangeringa bommar.

– I denne stortingsperioden har Høgre vore meir offensive enn regjeringa, seier han.

Arild Hermstad i Framtiden i våre hender forsvarer kåringa.

– Det viktigaste for veljarane no er kva som står i partiprogrammet for den komande fireårsperioden, sier han.

LES OGSÅ: – SV er best på kollektivpolitikk

Klare krav
Bak Klimavalg 2013 står over 70 organisasjonar frå miljørørsla, kyrkja, fagforeiningar og andre stemmer i sivilsamfunnet.

Dei krev kutt i norske utslepp i samsvar med tilrådingane til FN og at omgrepet klimarettferd skal gjevast konkret innhald. Dei krev auka satsing på ny næringsutvikling gjennom grøne arbeidsplassar og redusert tempo i oljeutvinninga. Og dei krev  tilrettelegging for at norske innbyggjarar kan gjera klimavennlege val og ein klimapolitikk som tek solidaritet mellom generasjonane på alvor.

QUIZ: Prøv deg på den store klimaquizen!

Karakterboka
Når Klimavalg 2013 har vurdert partia, har dei sett på kva partia seier i partiprogramma sine om utsleppskutt, det historiske ansvaret, grøne arbeidsplassar og næringsutvikling, norsk oljeindustri og folket som ein del av løysing.

Her er vurderingane:

Miljøpartiet dei Grøne 6
+ Set klima framfor alle andre samfunnsinteresser og vil kutta utslepp ved å halvera oljeproduksjonen innan 2020.

Venstre 6-
+ Vil satsa på fornybart, verne Lofoten og gjera det lett for folk å ta klimavennlege val i kvaradagen.

Sosialistisk Venstreparti 6-
+ Vil ha klimareform for redusert oljeutvinning, oljefritt Lofoten og miljøvennleg transport.

Raudt 5
+ Vil satsa på energisparing og arbeidsplassar i grøn industri

– Seier lite om korleis Noreg kan bidra til utsleppskutt i fattige land

Kristeleg folkeparti 5
+ Vil ha meir rettferdig fordeling av verdas ressursar, og satsa på klimatiltak òg i fattige land.

– Tek ikkje tilstrekkeleg omsyn til klima i oljepolitikken.

Senterpartiet 4
+ Vil styrkja samspelet mellom natur og samfunn, og skapa grøne arbeidsplassar i klimavennleg industri.

– Manglar tiltak for å kutta store utslipp, spesielt innan olje- og transportsektoren

Arbeidarpartiet 3
+ Vil vera pådrivar for ein internasjonal klimaavtale og klimatiltak i fattige land

– Vil fortsetja med storstilt satsing på olje, òg utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja

Høgre 3-
+ Vil ha ein forpliktande klimapolitikk og investera i teknologi for eit lågutsleppsamfunn

– Vil forlenga oljealderen, og opna for olje-utvinning i Nord-Noreg

Framstegspartiet 2-
+ Vil investere i fornybar energi og reinsa kullkraftverket på Svalbard

– Tvilar på klimavitskapen og vil opna Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeverksemd snarast

Les meir om vurderingane her!