Vil ha gratis mat på skulen

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Kosthald utgjer det største klasseskilje i Noreg i dag, seier Senterparti-politikar og stortingsrepresentant Anne Tingelstad Wøien, til Nationen. Saman med partifellane Kjersti Toppe og Kathrine Kleveland vil ho gjere skulemat til den nye store helsereformen i Noreg.

Målet er eit gratis skulemåltid til alle skuleelevar. Men fyrst vil dei utvide dagens ordning med frukt i skulen, som i dag omfattar grunnskulen, til den vidaregåande skulen. Så vil dei gje alle elevar på ungdomsskulen eit offentleg finansiert skulemåltid.

LES OGSÅ: – Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Må få med eige parti
– Det er i ungdomsskulen elevane byrjar å droppe matpakkene. Måltidet treng ikkje bety ei milliardsatsing i eit budsjett. Vi byrjar med tilskotsordningar kommunane kan søke på vegne av sine skular, seier Anne Tingelstad Wøien til Nationen.  

– Satsing på skulemat handlar ikkje om å prioritere mellom lærarar og bananar. Det handlar om å drive førebyggande helsearbeid i staden for å reparere, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe. Ho vil føre pengane til ordningane på helsebudsjettet, som eit førebyggande tiltak.

LES OGSÅ: Blir meir opplagde av felleslunsj

Ifylgje Nationen er sentralstyret i Senterpartiet splitta i synet på om det offentlege skal ta større ansvar for skulematen eller ikkje.

Leiar i Sosialistisk Venstreparti Audun Lysbakken trur tida jobbar for ein skulematreform. Tidligare i år oppmoda helseminister Jonas Gahr Støre norske kommunar til å satse på skulemat, men der og foreldra kan betale noko. Høgre, Kristeleg Folkeparti og Venstre vil fjerne den statlege finansierte ordninga med frukt i skulen.    

Kva meiner du? Er det på tide med gratis skulemat i Noreg?