Alle gode ting er tre
– Dette blir den viktigaste valkampen i SVs historie, seier SV-leiar Audun Lysbakken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag opna landsmøtet til SV og dermed valkampen, som SV-leiaren sjølv kalla den viktigaste i SV si historie.
Audun Lysbakken brukte landsmøtetalen til å lange ut mot dei rike og fri til dei mindre privilegerte.
Ta frå dei rike
I laupet av talen retta Lysbakken seg blant andre til nordnorske fiskarar, overarbeidde lærarar og hjelpepleiarar, bekymra besteforeldre, forsømde barnevernsborn, asylborn, småbornsfamiliar, homofile og lesbiske.
Til landets rikaste hadde han følgjande beskjed:
– Overklassen er den nye sutreklassen. Vår klare melding for dei neste fire åra er ingen skattekutt til den styrtrike sutreklassen.
Og gje til dei fattige
– Små skilnader i samfunnet er sosialismen sin viktigaste visjon, og det gjennomsyrer vårt program, haldt Lysbakken fram.
Utdanning, barnehage, helse, arbeid og bustader var blant sakene SV-leiaren trakk fram i kampen mot skilnader i det norske samfunnet.
SV vil ha meir aktivitet, skulemat, leksehjelp, og fleire lærarar i skulane, og arbeide for eit kvalitetsløft i barnehagane. Partiet vil også satse på dei tilsette i helsevesenet, og arbeide mot privatisering.
– Helsa skal ikkje avgjerast av storleiken på lommeboka. Vi seier ja til offentleg og ideell helseomsorg som set pasientane i sentrum.
Blant dei andre kampsakene Lysbakken tala om var nasjonal minstenorm for sosialhjelp, fleire i arbeid, kollektiv søksmålsrett, norsk løn for alt arbeid i Noreg, og at arbeidarane sjølv har makt over eigen arbeidsstad.
– SV vil også arbeide for at vi kvittar oss med EØS-avtalen. Den største hindringa for ein sjølvstendig norsk politikk for arbeid, velferd og fordeling, bortsett frå Høgre og Frp sjølvsagt, er EØS-avtalen, sa Lysbakken.
I tillegg vil SV satse på bustader.
– Vi vil gjere eigenbustad til ein moglegheit for alle. Innan 2029 vil folketalet nå seks millionar og eit slikt kjempeløft kan ikkje overlatast til marknaden. Vi treng ein ny og forsterka bustadpolitikk, og vi vil byggje førti tusen nye bustader i året, sa SV-leiaren.
LES OGSÅ: Usemje i Høge om plikt og fridom
– Rettferdig asylpolitikk
SV-leiaren lova vidare at SV skal kjempe for ein ”mindre streng og meir rettferdig” asyl- og innvandringspolitikk.
– År er æver i born sine liv, og born som har blitt norske må få lov til å forbli norske, sa Lysbakken.
Kampen mot oljeboring
Lysbakken opna talen med å å love at SV ikkje kjem til å svikte kampen mot oljeboring i Lofoten, Senja og Vesterålen.
– Vi er imot oljeboring i desse områda grunna vårt ansvar for ta vare på sårbar natur, for å sikre næringsgrunnlaget i nord, for å redusere den usunne avhengigheita av olje i norsk økonomi, og for å bekjempe klimaproblema for våre born og barneborn si skuld. Dette er eit veival og ei prøve på om Noreg er klare for forandring, sa han.
LES OGSÅ: Borar for miljøet