Statssekretær Ragnhild Setsaas meiner det er ingen grunn til å slå alarm om norskundervisinga ved lærarutdanningane.

mm

Måndag slo lektorstudent og sentralstyremedlem i Senterungdommen, Marit N. Krogsæter, alarm om norskkunnskapane til framtidige lærarar. Ho viste til at i løpet av fem år med studiar på lektorprogrammet ved NTNU har ho ikkje eit einaste fag som går direkte på nynorsk og bokmål. Leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, følgde opp med å seia at det ikkje er kontroll med kunnskapane til dei nyutdanna lærarane i bokmål og nynorsk.

LES OGSÅ: Slår alarm om lærarutdanninga

Statssekretær Ragnhild Setsaas (SV) meiner derimot at regjeringa har styrka norskkunnskapane til lærarstudentane med lærarutdanningsreforma. Frå hausten 2010 blei lærarutdanninga delt opp i ei utdanning for 1.-7.trinn og ei frå 5.-10.trinn. Det er berre utdanninga for 1.-7.trinn der norsk er obligatorisk, medan studentane i utdanninga for 5.-10.trinn skal fordjupa seg meir i enkeltfag.

Meir fordjuping
– Heile poenget med lærarutdanningsreforma er at ein skal få ein tyngre basis i dei faga ein skal undervisa i. Det me har gjort er å forsterka kunnskapane som ligg bak undervisinga, seier Setsaas. Ho viser til at at lærarane får sterkarefordjuping i pedagogikk ogfagdidaktikk. Og at dei som skal undervisa i norsk, matte, og engelsk, må ha 60 studiepoeng i faget.Det vil seia at lærarane har ein god fagleg basis, og lærer meir om korleis deiskal bli gode lærarar i dei faga dei vel – anten det er norsk, matte eller andre fag.

Ho understrekar samstundes at det er forskjell på lektorprogramma ved universiteta og lærarutdanningane.

QUIZ: Kan du bokmål?

Ikkje høgare karakterkrav
– Også lærarar i historie, samfunnsfag og naturfag bruker norsk. I dag kan lærarstudentar koma inn på lærarutdanninga med karakteren tre i norsk. Vil departementet vurdera å setja høgare krav til norskkarakter for å koma inn på lærarutdanningane?

– Me kan ikkje skjerpa krava for inntak. Då vil me i så fall ha trong for alle elevane som går ut med karakteren fire til lærarar, seier Ragnhild Setsaas.

– Viktigast er det dei kan når dei kjem ut, legg ho til.

– Så du går god for norskkunnskapane til dei ferdigutdanna lærarane?

– Eg har tillit til at institusjonane utdannar lærarar med gode norskkunnskapar. Så må ein òg hugsa på at det enno ikkje er nokon som er ferdigutdanna innanfor den nye lærarutdanninga. Det vil først skje i 2014. Det blir veldig spennande å følgja med på det, avsluttar Setsaas.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.42

Kommentarar

ANNONSE