Slår alarm om lærarutdanninga

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I innlegget Framtidas lærarar – språkets bøddel, tek Marit N. Krogsæter eit oppgjer med dagens lærarutdanning. Krogsæter er sjølv lektorstudent ved NTNU, og sentralstyremedlem i Senterungdommen.

– I løpet av fem år med studiar har me ikkje eit einaste fag som går direkte på nynorsk og bokmål. Det vil då seie at framtidas norsklærarar skal lære vekk den norskkunnskapen dei fekk gjennom vidaregåande opplæring. Det er alarmerande, skriv ho.

I haust lova kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) strakstiltak etter at det blei kjent at mattekunnskapane blant lærarstudentane var urovekkande lågt. Krogsæter meiner det er grunn til å vera endå meir uroa for korleis situasjonen er for norskkunnskapane. Det gjeld ikkje berre dei som skal undervisa norsk.

– Lærarar i andre fag som historie, geografi og matematikk òg eit ansvar for å formidle godt språk gjennom undervisinga, skriv ho.

LES OGSÅ: Vil sila ut dårlege lærarar

– Ingen kontroll
Marit Krogsæter får støtte frå Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

– Det er for lite styring med kva lærarstudentane lærer av norsk. Det blir utdanna massevis av norsklærarar. Men ingen veit kor gode dei er i norsk, seier han.

Då lærarutdanninga blei lagt om i 2010, er det no berre lærarutdanninga for 1. til 7. trinn der norskfaget er obligatorisk. I lærarutdaninga for 5. til 10. trinn er norsk berre eit valfag.

– Dette er veldig problematisk, seier Benthe Kolberg Jansson, førstelektor ved Avdeling for lærarutdanning ved Høgskolen i Østfold. Ho viser til at dette er noko Følgjegruppa for lærarutdanningsreforma, som er oppnemnd av departementet, også har uttrykt bekymring for.

– I lærarutdanninga for 5. til 10. trinn er det også relativt få som vel norsk som valfag, understrekar ho.

QUIZ: Skjønar du bokmål?

Saknar mengdetrening
Janne Nygård er nestleiar i Noregs Mållag, og tidlegare student på lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo. Ho er samd i at det blir snakka lite om norskkunnskapane til studentane.

– For ein som ikkje kan nynorsk godt frå før, er det klart at undervisinga ikkje er tilstrekkeleg.

Nygård saknar mengdetrening i sidemålet for lektorstudentane. Ho understrekar samstundes at det er forskjell på lærarutdanningane ved høgskulane og lektorprogramma ved universiteta.

Det ho saknar mest i utdanninga er undervising i forskjellen i å møta elevar med bokmål og nynorsk som hovudmål.

– Det er annleis å ha ein rein bokmålsklasse og ein rein nynorskklasse. Nynorskelevar er meir skjøre når det gjeld hovudmålet sitt. Kvifor har nokon mindre språkleg sjølvtillit? Og korleis byggjer ein språkleg sjølvtillit? spør Nygård, og meiner det er viktig at ein får tenkja gjennom dette i løpet av studiet.

Har du tips til oss? Ta kontakt!