Gir elevane rett til påbygg etter fagbrev

Elevorganisasjonen jublar etter at regjeringa vil gi elevane rett til påbyggingsår etter fullført fagbrev.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me vil gi elevane tryggleik til å fullføra fag- og yrkesopplæringa, utan at det stenger vidare høve til utdanning. På den måten håpar me at fleire vil velja yrkesfag og at fleire fullfører, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Ho offentleggjorde torsdag at regjeringa vil gi elevane rett til påbyggingsår for å få studiekompetanse etter at dei har fullført fagbrev. I dag har elevane normalt brukt opp retten til vidaregåande opplæring dersom dei har fullført eit fagbrev. Difor vel mange elevar å skifta over på påbyggingsåret etter berre to år på yrkesfag, for å oppnå studiekompetanse før dei har brukt opp retten til vidaregåande opplæring.

LES OGSÅ: Her er Noregs mest populære lærebedrift

Fleire stryk
Det har vore ein jamn auke i søkarar til påbyggingsåret sidan ordninga vart innført i 1996. Det første året søkte 1700 elevar, medan talet dette skuleåret er kome opp i 12.456. Samstundes har delen som fullfører påbyggingsåret gått ned.

– Påbyggingsåret er eit ekstremt krevjande år, der elevane skal ta igjen all teorien dei manglar etter dei to åra på yrkesfag. Om lag halvparten av elevane som vel påbygg stryk og står dermed igjen med verken fagbrev eller studiekompetanse. No gir me dei høvet til å fullføra eit fagbrev først og så vurdera om dei ynskja å byggja ut til studiekompetanse etterpå, seier Halvorsen.

LES OGSÅ: Ein annan veg inn i yrkeslivet

Jublar
– Me synest det er bra at ein har starta å setja elevane i fokus og tilrettelegg for ein best muleg skule – på elevane sine premissar, skriv Elevorganisasjonen på sine heimesider.

– Sykt bra insj, Kristin, held dei fram.

– Dette er ein stor siger for oss i SU og for alle yrkesfagselevar, seier leiar i Sosialistisk Ungdom, Andreas Halse. Han trur dette tiltaket vil gjera at fleire vel yrkesfag.